Tafilah
At-Tafilah (arabisk الطفيلة), òg skrive Tafila, er ein by sør i Jordan, 183 km sørvest for Amman, med kring 39 000 innbyggjarar. Han er hovudstaden i Tafilah guvernement og er kjend for dei grøne hagane sine med oliven- og fikentre, og vindruer. Tafilah vart grunnlagd av edomittane, som kalla byen Tophel.
Tafilah | |||
مدينة الطفيلة, Tafila, Tophel | |||
by | |||
Land | Jordan | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Tafilah guvernement | ||
Høgd | 940 moh. | ||
Koordinatar | 30°50′24″N 35°36′0″E / 30.84000°N 35.60000°E | ||
Areal | 18,518 km² | ||
• storbyområde | 38,771 km² | ||
Folketal | 38 428 (2009)[1] | ||
• storby | 110 000 | ||
Folketettleik | 2 075 / km² | ||
Grunnlagd | 1100 fvt. | ||
• kommune sidan | 1914 | ||
Retningsnummer | +(962)3 | ||
Tafilah 30°50′15″N 35°36′16″E / 30.8375°N 35.604444444444°E | |||
Kart som viser Tafilah.
| |||
Wikimedia Commons: Tafilah | |||
Nettstad: http://www.tafila.jo |
Det finst meir enn 360 naturlege kjelder i at-Tafilah-området. Det ligg to fosfat- og sementgruver i at-Tafilah.
Historie
endreI 1984 oppdaga ei gruppe arkeologar frå University of Arizona steinreiskap dei estiemrte var 90 000 år gamle i grotter i Ain Defla og Hessa.
Den eldste kjende sivilisasjonen ein kjenner til ved Tafilah var Edom, og Tafilah ligg i ruinane etter den edomittiske byen Tophel. Hovudstaden i Edom var Busairah som ligg 23 km sør for Tafilah. Edomittane var ofte allierte med nabolandet Moab. Tafilah vart sidan erobra av nabatearane som hadde hovudstaden sin i Petra. Etter den romerske invasjonen, vart han styrt av ghassanidane, under Romarriket.
Tafilah kom så under muslimsk styre, men var ei kort stund styrt av krossfarar.
Den 25. januar 1918 øydela arabarar og dei allierte styrkane under arabaropprøret, leia av T.E. Lawrence og prins Zeid bin Hussein ein 900 mann stor, tyrkisk styrke nær Tafilah, som Lawrence skreiv om i Seven Pillars of Wisdom som «Tafileh».
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tafilah» frå Wikipedia på engelsk, den 7. oktober 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: