Achille Lauro
Lauro De Marinis (fødd 11. juli 1990 i Verona), kjend under artistnamnet Achille Lauro, er ein italiensk songar, rappar og låtskrivar.[1][2] Han har utmerka seg i den italienske hiphop-scena og deltok i Sanremo-festivalen 2019 med songen «Rolls Royce», i 2020 med «Me ne frego» og sist i 2022 med songen «Domenica».[3][4] Han representerte San Marino i Eurovision Song Contest 2022 med songen «Stripper», etter å ha vunne den sanmarinske songtevlinga Una Voce per San Marino.
Achille Lauro | |||
| |||
Fødd | 11. juli 1990 (34 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Verona | ||
Alias | Achille Lauro | ||
Opphav | Italia | ||
Aktiv | 2012– | ||
Sjanger | Hiphop, trap, pop | ||
Instrument | vokal | ||
Verka som | songar, låtskrivar, rappar |
Bakgrunn
endreDe Marinis vart fødd i Verona i 1990, men vaks opp i hovudstaden Roma. Då han var 14 år, flytta foreldra hans til ein annan by, men han valde å bli buande hos sin fem år eldre bror, Federico.[5] Broren var då produsent for hiphop-kollektivet Quarto Blocco, og det var her De Marinis fekk kontakt med undergrunnsrap og punkrock. Han gav ut sin fyrste mikstape i 2012, og to år seinare kom debutalbumet Achille Idol Immortale. Etter fleire singlar og oppfølgjaralbumet Dio c'è skipa han sitt eige plateselskap – No Face Agency – og gav ut sitt tredje album, Ragazzi madre, der i 2016.[5]
Saman med produsent Boss Doms (Edoardo Manozzi) deltok De Marinis i realityprogrammet Pechino Express på Rai 2 i 2017. Deretter jobba han med Boss Doms på eit nytt album, som vart gjeve ut i 2018 under tittelen Pour l'amour, distribuert av Sony. I 2019 fekk han ein niandeplass i Sanremo-festivalen med låten «Rolls Royce», året etter fekk han ein åttandeplass i same tevling med «Me ne frego».[5]
I 2021 kom studioalbumet Lauro, som toppa den italienske albumlista.[6] I 2022 deltok Lauro i Sanremo-festivalen, akkompagnert av Harlem Gospel Choir, og tok 14. plass med låten «Domenica». Kort tid etter deltok han i Una voce per San Marino med songen «Stripper». Han vann tevlinga og representerte San Marino i Eurovision Song Contest 2022 på heimebane i Torino i Italia.[7] Låten kvalifiserte seg ikkje til finalen.
Diskografi
endreStudioalbum
endre- 2014 – Achille Idol Immortale
- 2015 – Dio c'è
- 2016 – Ragazzi madre
- 2018 – Pour l'amour
- 2019 – 1969
- 2021 – Lauro
Coveralbum
endre- 2020 – 1990
- 2020 – 1920 – Achille Lauro & The Untouchable Band
Kjelder
endre- ↑ «La recensione di 1969 di Achille Lauro, la trap si rinnova con un disco che non innova». Optimagazine: ultime news, video e notizie italiane e dal mondo (på italiensk). 13. april 2019. Henta 21. februar 2022.
- ↑ «Achille Lauro, da venerdì 8 giugno il nuovo singolo Ammò feat. Clementino e Rocco Hunt». Social Artist (på italiensk). 7. juni 2018. Henta 21. februar 2022.
- ↑ «Festival di Sanremo 2020, Amadeus svela: "Ecco chi sono i cantanti in gara". Poi conferma: "Rula Jebreal? Le ho chiesto di esserci"». Il Fatto Quotidiano (på italiensk). 31. desember 2019. Henta 21. februar 2022.
- ↑ Scarpone, Cristian (4. desember 2021). «Sanremo 2022: Elisa, Emma Marrone, Mahmood and Ana Mena among 22 confirmed participants». Wiwibloggs (på italiensk). Henta 6. desember 2021.
- ↑ 5,0 5,1 5,2 s.r.l, Rockol com. «√ Biografia di Achille Lauro | Le migliori notizie, testi e concerti». Rockol (på italiensk). Henta 21. februar 2022.
- ↑ «Classifiche - FIMI». www.fimi.it (på italiensk). Henta 21. februar 2022.
- ↑ «Achille Lauro - San Marino - Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 21. februar 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Achille Lauro (sanger)» frå Wikipedia på bokmål, den 15. desember 2022.