Opna hovudmenyen

Ada Hegerberg

norsk fotballspelar

Ada Martine Stolsmo Hegerberg (fødd 10. juli 1995) er ein norsk fotballspelar frå Sunndalsøra. Midtspissen har pr 15.7.2017 spelt 63 landskampar og skåra 38 mål. Ho spelte EM-finalen 2013 mot Tyskland, der det vart norsk tap med 0-1.

Ada Hegerberg
Ada Hegerberg 2017 cropped.jpg
Fødd 10. juli 1995
Molde
Yrke fotballspelar
Ada Hegerberg på Commons
Ada Hegerberg i Lyon-drakt 2014

AktivEndra

Hegerberg debuterte på Kolbotn IL i 2010. Sesongen 2012 spelte ho på Stabæk IF. Der etter var ho aktiv i Turbine Potsdam i halvtanna år. I juli 2014 gjekk ho over til franske Olympique Lyon, ein klubb ho har vunne meisterligafinale med både i 2016 og 2017.

Landslagdebuten til Hegerberg kom 19. november 2011. Med Isabell Herlovsen ute med skade, var Hegerberg det opplagde valet på midtspissplass under EM i fotball 2013. Sidan har ho hatt hevd på ein plass sentralt i angrepet til Noregs landslag.

MerittarEndra

  • EM-sølv: 2013
  • Meisterligaen: 2016 og 2017 med Olympique Lyon
  • Noregsmeister: 2012 med Stabæk IF
  • Fransk seriemeister: 2015, 2016 og 2017 med Olympique Lyon
  • Fransk cupmeister: 2015, 2016 og 2017 med Olympique Lyon

Hegerberg vart kåra til Årets fotballspelar 2016 i Europa for kvinner.

KjelderEndra