Ada E. Yonath (fødd 22. juni 1939) er ein israelsk krystallograf. Ho er mest kjend for pionerinnsats innan strukturen til ribosoma, eit arbeid ho vart tildelt Nobelprisen i kjemi for i 2009.

Ada Yonath

Fødd22. juni 1939
Jerusalem
NasjonalitetIsrael
Områdekrystallografi, biologi, molekylærbiologi, biokjemi, ribosom, strukturbiologi
Yrkemolekylærbiolog, kjemikar, universitetslærar, krystallograf, biokjemikar, vitskapsperson, forskar
InstitusjonarUniversity of Chicago
Weizman Institutt for Vitenskap - Institutt for Realfagsundervisning
Alma materDet hebraiske universitetet i Jerusalem
Weizmann Institute of Science
DoktorgradsrettleiarWolfie Traub
MedlemNational Academy of Sciences
Det europeiske akademiet for vitskap og kunst
Israel Academy of Sciences and Humanities
Det pavelege vitskapsakademiet
American Academy of Arts and Sciences
European Molecular Biology Organization
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
Royal Society

Ho er direktør for Helen and Milton A. Kimmelman Center for Biomolecular Structure and Assembly ved Weizmanninstituttet i Israel. Ho mottok Nobelprisen i kjemi i 2009 saman Venkatraman Ramakrishnan og Thomas A. Steitz for forskinga si på ribosomstrukturen og funksjonar, og vart med det den første israelske kvinna som vann Nobelprisen.

Nobelprisen hennar var den niande i Israel, og den andre i landet innan kjemi.[1]

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre