Adam Elsheimer (18. mars 157811. desember 1610) var ein tysk målar under barokken.[1] Han var frå Frankfurt am Main, men døydde i Roma.

Adam Elsheimer

Statsborgarskap Tyskland
Fødd 18. mars 1578
Frankfurt am Main
Død

11. desember 1610 (32 år)
Roma

Yrke kunstmålar
Adam Elsheimer på Commons

Liv og gjerning endre

 
Den heilage familien med Johannes døyparen, ca. 1599

Elsheimer vart i første omgang utdanna hos Philipp Uffenbach i heimbyen Frankfurt am Main. Sidan vart han påverka av dei nederlandske landskapsmålarane. Framfor alt utvikla han sin eigen stil i Roma, der han slo seg ned i 1600 og budde til han døydde, ti år seinare.

Elsheimer måla for det meste landskap med bibelske, mytologiske eller sjangernære emne i små format. Figurane er ofte velkomponerte i høve landskapet. Mellom hans eldre måleri merker ein seg Den heilage familien med Johannes døyparen frå før 1600.

I seinare år tok Elsheimer inn det italienske stillandskapet med ruinar og liknande. Gjennom påverknad frå den italienske chiaroscuro-retninga, med målaren Caravaggio i fremste rekke, studerte Elsheimer den dunkle lyssettinga og nådde på det viset fram til ein djup og stemningsfull verknad. Bilete av det slaget vart hans fremste verk frå dei seinare åra; så som Den miskunnsame samaritanen, Gjetar som blæs på skalmeie og ulike motiv frå Tivoli.

Elsheimer var også ein dyktig teiknar og etsar. I sine grafiske blad let han landskapsmotiva få ein meir framståande plass enn i måleria. I Roma, der kunsten hans aldri fekk noko verkeleg gjennombrot, kom han likevel til å påverke andre kunstmålarar. Mellom desse var Pieter Lastman, Peter Paul Rubens og seinare Claude Lorrain. Gjennom Lastman kom Elsheimer også til å få innverknad på Rembrandt sin målarkunst.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Adam Elsheimer». Store norske leksikon (på norsk). 21. januar 2023. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Adam Elsheimer