Adam Małysz
Adam Henryk Małysz (fødd 3. desember 1977) er ein tidlegare polsk skihoppar.
Adam Małysz | |
![]() | |
Fødd | 3. desember 1977 (43 år) Wisła |
Yrke | skihoppar |
Adam Małysz på Commons |
Karrieren starta i 1995. Han hadde moderat suksess i verdscupen (7. og 10. plass) dei to fyrste åra. Han kom tilbake i sesongen 2000/2001 då han vann hoppveka og VM i K-90 (han tok sølv i K-120). I 2002 tok Małysz sølv i storbakken og bronse i normalbakken under OL i Salt Lake City. I 2003 vann han begge dei individuelle VM-titlane og vann verdscupen for tredje gong.
Adam Malysz blei 25. mars 2007 den einaste skihopparen bortsett frå Matti Nykänen som hadde vunne verdscupen fire gonger. Under ski-VM i Sapporo 2007 fekk Małysz ein fjerde plass i storbakken og ei gullmedalje i normalbakken. Dermed blei han den einaste med så mange meisterskapsmedaljar. I 2011 vann han bronsemedalje i normalbakken under VM i Oslo.
Under OL i Vancouver vann han to individuelle sølvmedaljar.
I 2001 blei han tildelt Holmenkollmedaljen saman med Bente Skari og Thomas Alsgaard.
Han har 39 verdscupsigrar.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Adam Małysz» frå Wikipedia på bokmål, den 14. desember 2008.