Matti Nykänen (17. juli 19634. februar 2019) var tidenes mestvinnande skihoppar. I 1980-åra dominerte Nykänen internasjonal hoppsport som ingen andre har gjort, verken før eller seinare.

Matti Nykänen


Statsborgarskap Finland
Fødd 17. juli 1963
Jyväskylä
Død

4. februar 2019 (55 år)
Joutseno

Idrett skihopping
Tok del i

Skihopping under Vinter-OL 1984 – Normalbakke, Skihopping under Vinter-OL 1988 – Normalbakke, Skihopping under Vinter-OL 1984 – Stor bakke, Skihopping under Vinter-OL 1988 – Stor bakke, Skihopping under Vinter-OL 1988 – Laghopp

Utmerkingar

Holmenkollmedaljen, ridder av 1. klasse av Finlands løves orden

Nykänen var berre 18 år gamal då han i VM i Holmenkollen i 1982 kunne feira sin første store triumf. Han tok òg ein tittel i dei tre påfølgjande verdsmeisterskapane, i 1985, 1987 og 1989.

Etter den fyrste hoppvekesigeren i 1983 vann Nykänen sesongen etter gull i storbakken i OL i Sarajevo. I 1985 blei han verdsmeister i skiflyging i Planica, og hadde dermed gått til topps i alle dei viktigaste konkurransane. I 1987 blei han tildelt Holmenkollmedaljen.

Nykänens kanskje aller beste sesong var i 1988, då han etter hoppvekesigeren dominerte fullstendig, og tok alle tre gullmedaljane i OL i Calgary. Nykänen tok si siste internasjonale medalje under VM i skiflyging i Vikersund i 1990 med sølv. Då han la opp i 1991, hadde han vunne 46 verdscuprenn.

Etter hoppkarrieren endre

Han fekk stadig større alkoholproblem utover i karrieren sin, og etter at han tok slutt har livet hans vore prega av rusmisbruk og vald. Hausten 2005 blei Nykänen sett i fengsel for å ha slått og mishandla kona. Då hadde det berre gått fire dagar sidan han slapp ut frå ei fengselsstraff der han sona ein dom for å ha knivstukke ein mann.

I den biografiske filmen Matti som kom i januar 2006, blei Nykänens tragiske liv etter hoppkarrieren dokumentert. I filmen blir det teikna eit bilde av ein naiv, ung Nykänen, som blir påverka av ein uheldig omgangskrets i mange av hans katastrofale vegval. Jasper Pääkönen speler Matti Nykänen i filmen. Han har aldersgrense på 18 år, men Nykänen seier sjølv at livet hans ikkje har høg nok grense.

I 2006 dukka Nykänen opp på norske TV-skjermar, i ein reklame for djuice, Telenor. I reklamen blei slagordet «Nå kan du også få kontroll» brukt, etter at det blir vist at Nykänen takkar nei til ein invitasjon til ein fest.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre