Thomas Alsgaard

norsk langrennsløpar

Thomas Alsgaard (fødd 10. januar 1972) er ein norsk skiløpar frå Lørenskog. Han fekk det store internasjonale gjennombrotet sitt under OL i 1994 på Lillehammer, då han vann tremila med stor margin til dei næraste løparane. Etter endt karriere som skiløpar har Alsgaard så vidt vore innom ei karriere som rallyførar og vore langrennstrenar for landslaget i skiskyting. I tillegg har han vore assistenttrenar for det svenske langrennslandslaget, under Inge Bråten.

Thomas Alsgaard


Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. januar 1972 (52 år)
Lørenskog
Idrett langrenn
Tok del i Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1998, Vinter-OL 2002, cross-country skiing at the 2002 Winter Olympics – men's 4 × 10 kilometre relay, Ski-VM 2003, Ski-VM 2001, Ski-VM 1995, Ski-VM 1997, Ski-VM 1999
Utmerkingar Holmenkollmedaljen

Heile barndommen sin budde Alsgaard på Flateby i Enebakk.

Merittar

endre

Olympiske leikar

endre
  • Gull (30 km fri teknikk 1994, 15 km jaktstart 1998, 2 x 10 km jaktstart 2002, stafett 1998 og 2002)
  • Sølv (stafett 1994)
  • 5. plass (10 km klassisk 1998)

Verdsmeisterskap

endre
  • Gull (stafett 1995, stafett 1997, stafett 2001 og 2003, 15 km jaktstart 1999 og 30 km klassisk fellesstart 2003)
  • Sølv (30 km fri teknikk og stafett 1999)
  • Bronse (30 km fri teknikk 1997)

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap

endre

I 2001 vart Alsgaard tildelt Holmenkollmedaljen, samstundes med Bente Skari og Adam Malysz.

Bakgrunnsstoff

endre