Guru Granth Sáhib

(Omdirigert frå Adi Granth)

Adi Granth, oftast omtala som Sri Guru Granth Sáhib dji, er den heilage boka i sikh-trua. Boka vart samla i 1604 av Guru Ardjan, den femte sikh-guruen. Sidan 1708, då ho vart den ellevte guruen deira, har sikhar sett på henne som den levande kroppsleggjeringa av dei tidlegare guruane.

Ei opna Guru Granth Sahib på eit klede.
Mann og kvinne les i Guru Granth Sahib Sikh .

Namnet «Guru Granth Sáhib» inneheld tre ord som har spesielle tydingar her. «Guru», som i opphav er eit sanskrit ord, tyder lærar, særleg religiøs lærar. Sikhane og hinduane meiner at gu tyder ‘mørk’ og ru tyder ‘lys’. Ordet viser derfor at boka leier menneske frå eit liv av mørk fåkunne til Gud sitt lys. «Granth» på hindi og sanskrit tyder berre «bok», men sikhane tolkar det som «den heilage boka av gurdvaraene». «Sáhib» tyder venn, eigar eller herre og viser her at boka er leiaren som sikhar må følgja.

Teksten endre

Guru Granth Sahib inneheld 5.894 religiøse og filosofiske songar med definerte melodiar.

Songane i Guru Granth Sahib vart skrivne av forskjellige menneske på forskjellige tider. Den største delen av dei vart skrivne av seks av dei ti sikh-guruane: Guru Nanak (976 vers), Guru Angad (61 vers), Guru Amar Das (907 vers), Guru Ram Das (679 vers), Guru Ardjan (2.216 vers) og Guru Tegh Bahadur (118 vers). Men boka samlar også mange songar skrivne av hinduar and muslimar. Ho inkluder òg nokre få songar skrivne av andre sikhar. Songane skrivne av guruane heiter gurbáni, og songane skrivne av dei andre heiter bhagatbáni og bhattbáni

Guru Ardjan valde ut songane som han ville ha i Guru Granth Sahib for den spirituelle kvaliteten dei hadde. Han tok derfor ikkje med songar som gav ein kjensle for egoet eller kaste, lovprisa sosial rang eller asketisme, eller brukte seksuelle metaforar. Han sette spesiell pris på songar skrivne på daglegdags språk eller dialekt, og ikkje på eit opphøgd litterært språk. Emne for songane er mellom anna ros av Gud, leiting etter Gud, måtar å stå i samband med Gud, moralske reglar om korleis ein bør leva og litt teologisk grunding om Gud og verda. Dei legg vekt på reint og vilkårslaus elsk for Gud, eit liv som vert levd for å hugsa Gud og torv for ein ekte guru som kan leia ein på vegen til Gud. Mange songar skildrar sjela som Gud sin ektemake, eina i eit uskiljande samband. Menneske må derfor ikkje gå vekk frå Gud, og må leva i og med Gud.

Under høgtider, eller i stunder prega av sorg eller glede, er det vanleg å lesa heile Guru Granth Sahib frå byrjinga til slutten utan pause. Denne seremonien, som heiter akhand path tek omtrent 48 timar og kan utførast i ein gurudvara eller i sikhar sine hus.

Musikken endre

Guru Ardjan gav kvar song i Guru Granth Sahib ein melodi. Nokre av dei var tradisjonelle, men han skreiv òg melodiar for mange songar som ikkje hadde det. Han ordna melodiane basert på raga-systemet frå hindustani-musikk, den nord-indiske klassiske musikktradisjonen. Kvar raga har kjensler og stemningar i hindustani-musikk. Guru Ardjan brukte ragaene som hadde kjensler som han meinte passa best med ånda i musikken. Han valde ikkje ragaer som var for glade eller for triste, eller var for klassiske, prydelege eller hadde skilt seg for mykje frå folkemusikken. Kvar song har ei innleiing i Guru Granth Sahib som nemner kva for ein raga som må brukast med han, og boka har eit etterord som skildrar ragaene. Det finst 31 ragaer i alt i Guru Granth Sahib.

Framføring av songane heiter kírtan. Dei vert sungne svært ofte. På høgtider og i gurudvaraer er det vanleg å syngja dei i kor med mange musikkinstrument, særleg harmonium og tabala.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Guru Granth Sáhib