Adolf Fonahn

Adolf Mauritz Fonahn (15. juni 187321. august 1940)[1] var ein norsk medisinalhistorikar, orientalist og numismatikar frå Hedrum i Vestfold.

Adolf Fonahn
AdolfFonahn.jpg
Fødd15. juni 1873
Hedrum
Død21. august 1940
Oslo
NasjonalitetNoreg
Yrkelege, historikar
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Fonahn vart utdanna cand. med. i 1899. I 1909 vart han universitetsstipendiat i medisinalhistorie, frå 1917 var han dosent. To år seinare vart han styrar for Myntsamlinga ved Universitetet i Oslo. År 1926 vart han konservator ved den asiatiske avdelinga ved Etnografisk Museum, Universitetet i Oslo.

Alt i studieåra tok Fonahn til å granske medisinalhistorie, jamsides fagstudiet. Han lærte seg gammalegyptisk og arabisk språk, og gjorde mange studieferder utanlands. Fonahn gav ut fleire viktige verk, til dømes Zur Quellenkunde der persischen Medizin i 1910. Særleg kjent vart seksbandverket Quaderni d'anantomia som kom i åra 1911-16. Dette verket om Leonardo da Vinci gav han ut saman med Halfdan Hopstock og Ove Vangensteen. Der makta dei tyde teksta på orgiginalteikningane, ei tekst skriven med «spegelskrift».

KjelderEndra

  1. Per Holck. «Adolf Fonahn». Norsk biografisk leksikon. Henta 6. mars 2016.