Adolf Kristoffer Nielsen (11. januar 189028. juli 1960) var ein norsk toneskapar og dirigent frå Oslo.

Adolf Nielsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. januar 1890
Christiania
Død

28. juli 1960 (70 år)
Brandbu

Yrke dirigent, komponist

Nielsen var son til ein murar. Han utdanna seg på Musikkonservatoriet i Oslo under Ingebret Haaland og Hans Hansen. Frå 1922 til 1956 var Nielsen kapellmeister ved Det Norske Teatret. Han komponerte i dei åra musikk til ei rekke skodespel som vart framført ved teateret. Allereie i 1914 laga han tonefylgjet til Tyrihans av Hulda Garborg. Seinare komponerte han musikk til Bli med til Kina (1932) av Harald Skjønberg, Knivane (1934) av Sigurd Eldegard, Antigone av Sofokles og Blodbryllupet av Federico García Lorca (begge 1945) og Munkeklokka (1950) av Aslaug Vaa.

I tillegg skreiv Nielsen musikk til spelefilmane Kristine Valdresdatter (1930), Liv (1934), Hu Dagmar (1939), Gjest Baardsen (1939), Godvakker-Maren (1940), Gullfjellet (1941) og Trysil-Knut (1942).

Kjelder endre