Aerostatikk
(Omdirigert frå Aerostatisk)
Aerostatikk (av gresk aero og «stå stille») er læra om likevekt mellom forskjellige gassar i ro, særskild luft, eller mellom ein gass og lekamar som vert haldne oppe av gassen. Aerostatikk utgjer ein del av grunnlaget for den fysiske meteorologien og vert mellom anna nytta til å avgjere oppdrifta til gassfylte luftfartøy, ballongar og liknande.
Kjelder
endre- aerostatikk. (2012-02-17) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/aerostatikk