Afik
- Må ikkje forvekslast med Afek.
- For landsbyen i Iran, sjå Afik i Iran.
Afik (hebraisk אֲפִיק) er ei israelsk busetjing og ein kibbutz grunnlagd i 1972.[3] Det var den første jødiske busetnaden grunnlagd i Golanhøgdene etter seksdagarskrigen.
Afik | |||
אֲפִיק, Afiq | |||
landsby | |||
Region | Golanhøgdene | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord distrikt | ||
Kommune | Golan regionale kommune | ||
Koordinatar | 32°46′47″N 35°42′05″E / 32.77972°N 35.70139°E | ||
Folketal | 256 (2011)[1] | ||
Grunnlagd | 1972[2] | ||
Tilhøyrsle | Kibbutzrørsla | ||
Afik 32°46′47″N 35°42′05″E / 32.779722222222°N 35.701388888889°E | |||
Kart som viser Afik.
| |||
Wikimedia Commons: Afik |
Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar i Golanhøgdene som ulovlege etter folkeretten, medan dei israelske styresmaktene motset seg dette.[4]
Historie
endreDet er fleire stader i Bibelen som heiter Afek og kibbutzen trur ein ligg nær ruinane til ein Afek som er nemnt i Kongebøkene (1 Kong 20:26) som fortel om korleis kong Ahab av Israel slo Ben-Hadad I av Damaskus [5] og profeten Elisja som føresåg at kong Jehoash av Israel skulle slå Ben-Hadad III av Damaskus.[6][7]
Afik kibbutz høyrer til Ihud HaKvutzot VeHakibbutzim og vart grunnlagd nær den fråflytta syriske landsbyeb Fiq den 8. mai 1972.[8][9][10] Han er styrt av Golan regionale kommune og Fik lufthamn ligg i nærleiken.
Økonomi
endreØkonomien baserer seg på jordbruk (grønsake og frukthagar), meieridrift og kyllingavl. Kibbutzen driv òg fleire fabrikkar i lag med Yifat som Afic Printing Solutions, som produserer tonar og blekk til printarar.[11]
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Afik» frå Wikipedia på engelsk, den 22. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Locality File». Israelsk statistisk sentralbyrå. 2011. Arkivert frå originalen (XLS) 23. september 2013. Henta 9. oktober 2014.
- ↑ A Nahal-busetjing by the name Afiq vart grunnlagd some 4 km to the N East in 1967. kibbutz Afiq vart grunnlagd as a civilian locality in its current place in 1972, but it is still listed on the israelske records as a 1967-established locality.
- ↑ Future Of Golanhøgdene Has israelarar Living There Split, Too Some Would Give It Up For Peace With Syria. Others Say Never.
- ↑ «The Geneva Convention». BBC. 10. desember 2009.
- ↑ 1 Kings 20, henta 22. februar 2015
- ↑ «The Golan Heights: Geography, Geology and History». Jewish Virtual Library. Henta 22. februar 2015.
- ↑ Pinchas Neman (1966). «אפק». אנציקלופדיה גיאוגרפית מקראית (Biblical Geographic Encyclopedia). Yavne Publishing. Henta 22. februar 2015.(he)
- ↑ Encyclopaedia Judaica: events of 1972-1981, s. 357, Encyclopaedia Judaica, 1982, henta 22. februar 2015
- ↑ «The colonization of Vestbreidda territories by Israel : hearings before the Subcommittee on Immigration and Naturalization of the Committee on the Judiciary, USA Senate, Ninety-fifth Congress, first session on the question of Vestbreidda settlements and the treatment of arabarar i israelskokkuperte territorium» (PDF). U.S. Government. 1977. s. 59.
- ↑ «אפיק». Golan Residence Association. Arkivert frå originalen den 19. desember 2009. Henta 22. februar 2015.(he)
- ↑ Nefesh b'Nefesh: kibbutz Afik