Opna hovudmenyen

Fiq (arabisk فيق) er ein tidlegare by i Syria som administrativt høyrer til Al Quneitra guvernement i Golanhøgdene.[1] Han ligg 349 meter over havet. Den israelske busetnaden Afik, ein kibbutz, vart bygd i nærleiken.[1]

Fiq
tidlegare busetnad
Fiq-03.JPG
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Quneitra guvernement
Distrikt Fiq-distriktet
Høgd 349 moh.
Koordinatar 32°46′N 35°42′E
Folketal (2014)
Syria location map3.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Ein Fiq

HistorieEndra

 
Ruinar i Fiq.

Fiq var ein antikk by, og her er funne mange inskripsjonar på latin og gresk.[2]

I 1596 vart Fiq oppført i osmanske skattelister som ein del av Jawlan Garbi nahiya i Hauran qada. Han hadde ein heilt muslimsk folkesetnad som bestod av 16 hushaldningar og 9 ungkarar. Skattane vart betalte for kveite, bygg, sommaravlingar, oliventre, geiter og/eller bikubar.[3]

Den franske oppdagaren Victor Guérin noterte på 1800-talet at Fiq vart delt inn i fire kvarter, kvar administrert av sin eigen sjeik. Dei fleste av heimane inneheldt restane av gamle bygningar. Landsbyen var rik på ferskvatn.[4]

Gottlieb Schumacher landmålte området i 1880-åra, skildra han Fiq som ein stor landsby med kring 400 menneske.[5]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Urman 1998, s. 578
  2. Dauphin, 1998, s. 722
  3. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 196.
  4. Guérin, 1880, pp 314-5 ff
  5. Schumacher, 1888, s. 136-7 ff

BakgrunnsstoffEndra