Aga Burjatia
Aga Burjatia (russisk Агинский Бурятский автономный округ, burjatisk Агын Буряадай автономито округ) var eit sjølvstyrt distrikt (okrug) i Russland. Det var del av Tsjita oblast, men samstundes eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden var Aginskoje, arealet var 19 300 km² og innbyggjartalet var 73 500 (2005). Den 1. mars 2008 vart distriktet slått saman med Tsjita oblast og danna det nye territoriet Zabajkalskij kraj.
| |||||
![]() | |||||
Hovudstad | Aginskoje | ||||
Areal - Totalt |
Rangering: 78. 19 300 km² | ||||
Innbyggjartal - totalt |
Rangering: 83. ca. 73 500 (2005) | ||||
Føderalt distrikt | Sibir | ||||
Økonomisk region | Aust-Sibir | ||||
Regionsnummer | 80 | ||||
Offisielt språk | Russisk, Burjatisk | ||||
Guvernør | Bair Bajaskhalanovitsj Zjamsujev | ||||
Nasjonalsong | |||||
Tidssone | UTC +0900 |

Aga Burjatia var fullstendig omslutta av Tsjita oblast, sør i Sibir, nær grensa til Mongolia. Området er berglendt, høgste punktet er fjellet Alkhanaj, 1663 meter over havet. Om lag 30 % av arealet er skogkledd. Klimaet er kontinentalt, med kalde vintrar og varme somrar. Middeltemperaturen i januar er frå - 22 til - 26 grader celsius, i juli + 18 til + 20 grader celsius.
Aga Burjatia har ingen stader med bystatus. Ved folketeljinga i 2002 var fleirtalet burjatar (62,5 %). Russarar utgjorde 35,1 % av folketalet.
Burjatane, eit mongolsk folkeslag, vart underlagt russisk herredøme i 1648. Busetjinga Aginskoje vart grunnlagd i 1781. Etter den russiske revolusjonen i 1917 var det kampar mellom sovjetiske og "kvite" styrkar i området. Sovjetmakta vart etablert i 1920. Det autonome distriktet vart oppretta 26. september 1937. Etter oppløysinga av Sovjetunionen vart Aga Burjatia eit russisk føderasjonssubjekt.
Bakgrunnsstoff endre
- Distriktet sine offisielle heimesider Arkivert 2021-12-08 ved Wayback Machine. Mal:Språikon
- Artikkel frå Kommersant Arkivert 2007-01-06 ved Wayback Machine. (en)
- Artikkel frå NUPI