Tsjita oblast, (russisk Читинская область) var ein provins (oblast) i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Det sjølvstyrte området Aga Burjatia var ein del av provinsen. Hovudstaden var Tsjita, arealet er 431 500 km² og innbyggjartalet er 1 155 000 (2002). Den 1. mars 2008 vart Tsjita oblast og Aga Burjatia slått saman og danna det nye territoriet Zabajkalskij kraj.

Tsjitinskaja oblast
(pr. 1. mars 2008)  

Tsjita oblast sitt flagg
Tsjita oblast sitt flagg
Tsjita oblast sitt våpen
Tsjita oblast sitt flagg Tsjita oblast sitt våpen
Tsjita oblast på kartet over Russland
Hovudstad Tsjita
Areal

- Totalt
- % vatn

Rangering: 12.

431 500 km²
Ukjent

Innbyggjartal

- totalt
- folketettleik

Rangering: 47.

ca. 1 155 000 (2002)
ca. 2,68/km²

Føderalt distrikt Sibir
Økonomisk region Aust-Sibir
Regionsnummer 75
Offisielt språk Russisk
Guvernør Ravil Faritovitsj Geniatullin
Nasjonalsong  
Tidssone UTC +0900

Tsjita oblast ligg sør i Sibir, og grensar til Mongolia og Kina i sør. Området består hovudsakleg av mellom-høge fjell, (600-700 meter over havet), men fjellkjeda Kodar i nord når opp til 3000 meter over havet. Om lag halvparten av territoriet er skogkledd, og her er mange innsjøar. Klimaet er kontinentalt, mellomtemperaturen i januar er - 30 grader celsius, i juli + 20 grader celsius. Område i nord har permafrost. Naturressursane omfattar førekomstar av gull, molybden, tinn, bly, sink og kol. Matproduksjon i området er hovudsakleg saueal. I liten skala vert det dyrka poteter, grønsaker, kveite, havre, bygg og bokkveite. Den transsibirske jernbanen går gjennom området.

Befolkninga er hovudsakleg russarar, men her bur òg mellom anna mange burjatar, særskilt i Aga Burjatia.

Den første befolkninga ein kjenner i området var burjatar og mongolar. På 1200-talet vart det del av det mongolske riket. Dei første russarane som kom hit var kosakkar i 1653. Allereie i løpet av 1600-talet oppstod dei første permanente russiske støttepunkta. I 1689 vart grensa til Kina regulert ved Nertsjinsk-traktaten. Etter den russiske revolusjonen var Tsjita i hendene på kontrarevolusjonære styrkar, kvitegardistar, mellom 1918 og 1920. Frå 1920 til 1922 var Tsjita hovudstad for den sovjetisk-kontrollerte Fjernaustlege republikken, som i 1922 vart slått saman med den russiske sovjetrepublikken. Tsjita oblast vart oppretta i 1937. Etter oppløysinga av Sovjetunionen vart Tsjita oblast eit føderasjonssubjekt i den russiske føderasjonen. Ved det siste valet til lovgjevande forsamlinga i Tsjita oblast, 17. oktober 2004, vart Sameint Russland det klart største partiet, med 35,6 % av røystene.

Bakgrunnsstoff endre

Kommersant artikkel på engelsk