Burjatisk er eit mongolsk språk tala av burjatar i Russland, Kina og Mongolia. Det bur rundt 218 600 burjatisktalende menneske i Russland (2010),[1] rundt 65 000  i Kina, og like mange i Mongolia.[2] Burjatisk er offisielt språk i republikken Burjatia i Russland, der det blir skrive med det kyrilliske alfabetet, med desse tilleggsbokstavane: Ү/ү, Ө/ө og Һ/һ. Ordforrådet i språket har innverknad frå russisk.

Burjatisk
буряад хэлэн burjaad helen
Klassifisering Altaisk (omstridt)
 Mongolsk
  Nordmongolsk
   Burjatisk
Talarar burjatar
Bruk
Tala i  Russland
 Folkerepublikken Kina
 Mongolia
Språkkodar
ISO 639-2 bua
ISO 639-3 bua – burjatisk (generisk)

bxmmongolsk burjatisk
bxrrussisk burjatisk
bxukinesisk burjatisk

Wikipedia på burjatisk

Utbreiing og dialektar

endre

Burjatisk blei tala aust for Bajkalsjøen i den russiske republikken Burjatia, i Nordaust-Mongolia og i Nordvest-Kina. Språket kan delast inn i ulike dialektgrupper. Om ein reknar med 13 dialektar finn ein ni i Russland - alar, barguzin, bokhan, rkhirit-bulgat, khori, nizneudinsk, oka, tunka og unga, to i Kina - bargu-buriat og aga, og tre i Mongolia - aga, sartul og tsongol.[2]

Fonologi

endre

Burjatisk har vokalfonema /i, ə, e, a, u, ʊ, o, ɔ/ (og eit par diftongar),[3] kort /e/ er realisert som [ɯ], og konsonantfonema /b, g, d, th, m, n, x, l, r/ (alle med eit tilsvarande palatalisert fonem) og /s, ʃ, h, j/.[4] Vokalane er underlagt vokalharmoni.[5] Den grunnleggjande stavingsstrukturen er (konsonant)vokal(konsonant) [(C)V(C)], i hurtig tale kan det vere apokope, og dermed konsonant-konsonat (CC) ordfinalt.[6]

Trykk

endre

Leksikalsk trykk fell på siste tunge ikkjefinale staving, viss det finst ei slik. Viss ikkje fell trykket på ordinitial trykksterk staving, der ho finst. Viss det ikkje finst tunge stavingar får ordet initialtrykk. Tunge stavingar utan hovudtrykk får bitrykk:[7]

ˌHˈHL [ˌøːɡˈʃøːxe] 'å vere modig'
LˌHˈHL [naˌmaːˈtuːlxa] 'å få til å bli dekt av lauv'
ˌHLˌHˈHL [ˌbuːzaˌnuːˈdiːje] 'dampa mjølboller' (akkusativ)
ˌHˈHLLL [ˌtaːˈruːlaɡdaxa] 'å bli van til'
ˈHˌH [ˈboːˌsoː] 'veddemål'
HˌH [daˈlaiˌɡaːr] 'til sjøs'
HLˌH [xuˈdaːliŋɡˌdaː] 'til svigerforeldra'
LˌHˈHˌH [daˌlaiˈɡaːˌraː] 'ved sin eigen sjø'
ˌHLˈHˌH [ˌxyːxenˈɡeːˌreː] 'ved si eiga jente'
LˈH [xaˈdaːr] 'gjennom fjellet'
ˈLL [ˈxada] 'fjell'[8]

Morfologi

endre

Burjatisk har eit klassisk nord-eurasiatisk grammatisk system, utan genus, men med numerus (singularis/pluralis), og (her:) 7 kasus:[9] nominativ, genitiv, akkusativ, dativ, ablativ, instrumentalis og possessiv. Kasusendingane er underlagt vokalharmoni.

Skrift

endre

Burjatisk blei tradisjonelt skrive med mongolsk skrift, men det litterære mongolske skriftspråket skilde seg mykje frå tala burjatisk. I 1931 blei det innført eit skriftsystem for burjatisk i Sovjetunionen med latinske bokstavar som bygde på sartul- og tsongoldialektane. Dette blei erstatta av ei modifisert russisk kyrillisk skrift rundt 1937, som er det burjatisk blir skrive med i dag. Skriftspråket byrggjer på khoridialekten, som også er standard taledialekt.[2] Tilleggsbokstavane til det russiske alfabetet er Ү/ү, Ө/ө og Һ/һ.

Talord

endre
Norsk Klassisk mongolsk Burjatisk
1 ein neg negen
2 to hoyor xoyor
3 tre gurav gurban
4 fire duruv dürben
5 fem tav taban
6 seks zurgaa zurgaan
7 sju doloo doloon
8 åtte naim nayman
9 ni yis yühen
10 ti arav arban

Kjelder

endre

Litteratur

endre
  • Castren, Mathias Alexander 1857: Versuch einer burjätischen Sprachlehre: Nebst kurzem Wörterverzeichniss. St. Petersburg. online
  • Poppe, Nicholas (1960): Buriat grammar. Uralic and Altaic series (No. 2). Bloomington: Indiana University.
  • Skribnik, Elena (2003): Buryat. In: Juha Janhunen (red.): The Mongolic languages. London: Routledge: 102-128.
  • Svantesson, Jan-Olof, Anna Tsendina, Anastasia Karlsson, Vivan Franzén (2005): The Phonology of Mongolian. New York: Oxford University Press.
  • Sanzjeev, G.D., Bertagaev, T. A., Tsydendambaev, Ts. B. 1962: Grammatika burjatskogo jazyka. Fonetika i morfologija Moskva: Izdatel'stvo vostotsjnoj literatury. online
  • Walker, Rachel (1997): Mongolian stress, licensing, and factorial typology.
Fotnotar
  1. Vserossijskaja perepis naselenija 2010 Arkivert 2013-03-15 ved Wayback Machine. - Folketeljinga i Russland 2010
  2. 2,0 2,1 2,2 «Buriat» Arkivert 2010-12-30 ved Wayback Machine., ucla.edu
  3. Poppe 1960: 8
  4. Svantesson et al. 2005ː 146; statusen til [ŋ] er problematisk, sjå Skribnik 2003: 107.
  5. Skribnik 2003: 107
  6. Poppe 1960: 13-14
  7. Walker 1997
  8. Walker 1997: 27-28
  9. Skribnik s. 109

Bakgrunnsstoff

endre