Agenda 2030 eller SN-måla for berekraftig utvikling er ein felles arbeidsplan vedteken av Dei sameinte nasjonane (SN) for å utrydda fattigdom, kjempa mot ulikskap og stoppa klimaendringane innan 2030. Agendaen har 17 hovudmål og 169 delmål. Berekraftsmåla skal fungera som ei felles global retning for land, næringsliv og sivilsamfunn. Måla vart laga på ein demokratisk måte gjennom innspel frå land over heile verda og over sju millionar menneske fekk sagt meininga si gjennom ei spørjeundersøking. Eit av hovudprinsippa i desse SN-måla er at ingen skal utelatast (på engelsk omtalt som leaving no one behind). Ekskluderte grupper, som menneske med nedsett funksjonsevne, flyktningar, etniske og religiøse minoritetar, jenter og urfolk, er høgt representerte blant dei som framleis lever i fattigdom.[1]

Den verdsomspennande handlingsplanen SN har vedteke for å utrydda fattigdom, kjempa mot forskjell og stoppa klimaendringane innan år 2030, kalla «Agenda 2030», er sett saman av 17 berekraftige hovudmål. Berekraftsmåla blir omtalte som Sustainable Development Goals, SDGs på engelsk. Fargane i piktogramma går att i eit hjulforma symbol for planane. Dei vart vedtekne i 2015 og tredde i kraft året etter.

Bakgrunn endre

Tusenårsmåla til SN (engelsk Millennium Development Goals) er rekna som ein suksess. Dei har bidratt til mobilisering og partnarskap for fattigdomsnedkjemping, helse, likestilling og utdanning globalt.[2] Arvtakaren, SNs nye utviklingsmål (engelsk Sustainable Development Goals) har høg prioritet og vart offisielt vedtekne under SNs hovudforsamling i 2015. 1. januar 2016 tredde SNs berekraftige utviklingsmål i kraft. Desse måla er globale mål for å gjera slutt på alle former for fattigdom. Det krev handling frå alle land, både rike og fattige for å oppnå måla. Dei er ikkje juridisk bindande, men det er forventa at alle land skal ha eigarskap til måla og etablera nasjonale rammeverk for å nå måla. Kvart land har hovudansvaret for å følgja opp og vurdera framdrifta.[3]

Arbeidet endre

I motsetnad til utforminga av tusenårsmåla, har FN ønskt ein brei demokratisk prosess i utforminga av dei nye måla. FN har mellom anna stått for det største globale diskusjonsforumet i verda, arrangert møte i nesten 100 land og samla inn røyster frå rundt 4,5 millionar menneske i den største spørjeundersøkinga i verda.[4] På denne måten har meir enn sju millionar menneske bidrege med forslag til mål.[5]

Som ein del av prosessen vart totalt 70 forskjellige land delt i arbeidsgrupper for å laga sine eigne forslag til utviklingsmål på RIO+20-konferansen i 2012. Noreg har delt plassen i gruppe med Danmark og Irland.[4] Utkasta blei lagt fram og presentert hausten 2014, som resulterte i ein synteserapport frå generalsekretæren i SN Ban Ki-moon i desember 2014, der 17 mål og 169 delmål blei presenterte.[2]

Dei mellomstatlege forhandlingane som fann stad i etterkant av rapporten, var prega av brei støtte til dei 17 måla frå fleirtalet av medlemsland.[2] Samtidig har fleire land, mellom dei Noreg, lagt vekt på ein ny gjennomgang og kvalitetssikring av delmåla ein gong til,[2] for å sørga for at dei er målbare og mogleg å følgja opp i tråd med internasjonale standardar.[2]

Forhandlingane har ikkje vore enkle, mellom anna har det vore stor diskusjon om demokrati skulle vera eit av punkta.[6]

SN-måla for berekraftig utvikling er vorte kritiserte.[7] Hovudvekta ligg på dei mange delmåla. I motsetnad til tusenårsmåla som ein lett kunne oppsummera og minnast, er det no 17 nye mål og 169 delmål. Kritikken går mellom anna inn på om dette kan vera for mange, og dessutan om det kan bli vanskeleg å måla. Det er òg usemje rundt korleis ein kan nå dei forskjellige måla.[7]

Dei 17 SN-måla for berekraftig utvikling[5] endre

 

1. Utrydda all fattigdom.

 

2. Utrydda svolt, oppnå matsikkerheit, betra ernæring og fremja berekraftig landbruk.

 

3. Sikra og fremjaegod helse for alle.

 

4. Sikra inkluderande og rettferdig kvalitetsutdanning for alle, og fremja livslang læring

 

5. Oppnå full likestilling mellom kjønna, og myndiggjera kvinner og jenter.

 

6. Sikra berekraftig forvaltning av, og tilgang til, reint vatn og gode sanitærtilhøve for alle.

 

7. Sikra tilgang til berekraftig energi som alle kan ha råd til.

 

8. Fremja varig, inkluderande og berekraftig økonomisk vekst, full sysselsetting og sømeleg arbeid for alle.

 

9. Byggja robust infrastruktur, fremja innovasjon og bidra til inkluderande og berekraftig industrialisering.

 

10. Redusera forskjellar i og mellom land.

 

11. Gjera byar og samfunn inkluderande, trygge, robuste og berekraftige.

 

12. Sikra berekraftig forbruk og produksjon.

 

13. Handla umiddelbart for å stoppa klimaendringane og kjempa mot konsekvensane.

 

14. Verna og bruka hav- og marine ressursar på ein berekraftig måte.

 

15. Verna, gjenoppbygga og fremja berekraftig bruk av jordas økosystem, sikra berekraftig forvaltning av skog, tryggja artsmangfald, kjempa mot ørkenspreiing og stoppa og reversera erosjon.

 

16. Fremja fredelege og inkluderande samfunn med velfungerende rettssystemer og ansvarlege institusjonar på alle nivå.

 

17. Styrka mekanismane for implementering av måla, og fornya globale partnarskap for berekraftig utvikling.

SN-måla for berekraftig utvikling i Noreg endre

SNs utviklingsmål er ikkje berre for fattige land, men for alle land i heile verda. Noreg er eit velståande land med relativt små forskjellar. Likevel er det mål som det òg blir fokusert på her. Måla Noreg har prioritert høgst er: utdanning, helse, utvikling i privatsektoren, å skapa arbeidsplassar, klimatiltak (fornybar energi) og humanitær hjelp. I tillegg styrer følgjande forvaltningssektorar utviklingssamarbeidet: likestilling, menneskerettar, klimaendringar og korrupsjon. Noregs diplomatiske og konsulære oppdrag er viktige frontlinjespelarar. Oppdrag som allereie er engasjert i utviklingssamarbeid. Oppdrag som har fått mandat til å utføra andre oppgåver enn tradisjonelt utviklingssamarbeid har tema prioriteringar som i mange tilfelle[8] er klart kompatible med utviklingsmåla. Generelt er det likevel for tidleg for å fastslå verknaden av utviklingsmåla på Noregs internasjonalt samarbeid.

Kritikk endre

 
Våren 2020 kom det kritikk frå det nettstaden faktisk.no karakteriserte som ytterleggående høgreorientert hald i Noreg mot politikarar som ber jakkemerke med det kritikarane kalla «globalistiske» berekraftssymbol i staden for nasjonalflagget.[9][10][11]

Våren 2020 vart det frå ymse hald hevda at SN-planane representerer ein farleg, overstatleg globalisme.[12] Motstandarane kritiserte spesielt norske politikarar og kronprins Haakon som bar jakkemerke med FNs regnboge-liknande berekraftssymbol i staden for nasjonalflagget.[9][10][11][13]

Kjelder endre

  1. «FNs bærekraftsmål». www.fn.no (på norsk). Arkivert frå originalen 7. oktober 2017. Henta 10. september 2017. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Utenriksdepartementet (29. april 2014). «FNs nye mål for bærekraftig utvikling». Regjeringen.no (på norsk). Henta 2. oktober 2017. 
  3. «United Nations sustainable development agenda». United Nations Sustainable Development (på engelsk). Henta 10. september 2017. 
  4. 4,0 4,1 «Arbeidet med FNs bærekraftsmål». Arkivert frå originalen 4. november 2015. Henta 7. september 2015. 
  5. 5,0 5,1 «Dette er de nye bærekraftsmålene». Arkivert frå originalen 23. mai 2015. Henta 7. september 2015. 
  6. «Tøff kamp om demokrati som nytt utviklingsmål». NoradDev (på norsk). Arkivert frå originalen 11. september 2017. Henta 2. oktober 2017. 
  7. 7,0 7,1 «Blir de nye bærekraftsmålene bærekraftige?». RORG-samarbeidet;/root/class/object/article (på norsk bokmål). Henta 2. oktober 2017. 
  8. Børge, B. Jensen, S. (juli 2017). «One Year Closer: Norway’s progress towards the implementation of the 2030 Agenda for Sustainable Development» (PDF). Norwegian Ministry of Foreign Affairs. Henta 3. oktober 2017. 
  9. 9,0 9,1 «Kronpris Haakons Agenda 2030-pin vekker reaksjoner: – Respekten for kongehuset er dalende». Redaksjonen i resett.no. 9. april 2020. 
  10. 10,0 10,1 «FN-pins setter sinnene i kok: – Hva er galt med det norske flagget?». nettavisen.no. 5. mai 2020. 
  11. 11,0 11,1 Bjørgulv K. Bjåen (5. mai 2020). «Strid om politisk pynt - krev flagg på frigjeringsdagen». Vårt Land. 
  12. «Motstanden mot FN-nålen startet i ytterliggående miljøer». Faktisk.no. 6. mai 2020. 
  13. «Ramsalt konge-kritikk fra kristen-høyre». vg.no. 30. april 2020.  (kronikk av teolog Idar Kjølsvik )]