Agnete Nesse

Agnete Nesse (f. 1965)[1] er ein norsk språkforskar og forfattar av språkhistoriske bøker. Nesse er tilsett som professor ved Høgskolen i Bergen.

Agnete Nesse
Fødd1965
NasjonalitetNoreg
Yrkelingvist

KarriereEndra

Agnete Nesse blei cand. philol. frå Universitetet i Bergen i 1993, og vart deretter tilsett ved Høgskolen i Bodø samanhengjande fram til 2007. Ho fullførte doktorgraden sin frå Universitetet i Tromsø i 2002 med ei avhandling om temaet "Språkkontakt mellom norsk og tysk i hansatidens Bergen".[2][3] Frå og med 2007 har ho vore førsteamanuensis og seinare professor ved Høgskolen i Bergen. Frå 2009-2012 var Nesse tilsett som postdoktor ved Universitetet i Bergen, og ho er tilknytt nettverket for historisk sosiolingvistikk [4] samt FORSE - Forskergruppe i samfunn og språkendring.[5]

Som språkforskar har Nesse lagt ned mest arbeid i bergensdialekta, bodødialekta og mellomnedertysk, ofte med sosiolingvistisk perspektiv, der ein tolkar språket med utgangspunkt i språkbrukaren. Nesse har gjeve ut fleire bøker og avhandlingar innanfor desse fagfelta.

BokutgjevingarEndra

  • Talemål i Bergen. Kollektiv og individuell variasjon i bergensdialekten, hovudoppgåve, UiB, 1993.
  • Språkkontakt mellom norsk og tysk i hansatidens Bergen, doktoravhandling, UiT, 2002.
  • Slik ble vi bergensere : Hanseatene og bergensdialekten, basert på doktoravgahandlinga. Sigma forlag, 2003.
  • Bydialekt, riksmål og identitet sett fra Bodø, Novus Forlag, 2008.
  • Innføring i norsk språkhistorie Cappelen Damm, 2013.

Utvalde andre publikasjonarEndra

  • Bodødialekten – en romslig norm? i G. Akselberg, A. M. Bødal og H. Sandøy (red.) Nordisk dialektologi. Oslo: Novus, 2003.
  • Språket og det folkelege i J. Greibrokk (red.) Byens største tanker fins på Burøya. Festskrift til Brigt Kristensen på 60-års dagen. Bodø: Bodø RV, 2004.
  • Boken – han og Kua – den. Om endringer i norske genussystem i Maal og Minne nr. 2, 2005.
  • Radiotalemål i Nordland 1936-1996 i T. Arboe (red) Nordisk dialektologi og sociolingvistikk. Århus: Peter Skautrup Centret for Jysk Dialektforskning, Universitetet i Århus, 2007.[6]

KjelderEndra

FotnotarEndra