Bergensk

(Omdirigert frå Bergensdialekta)
Bergensk
Tala på: Vestlandet
Kommune: Bergen
Klassifisering: Vestlandske målføre

Talemålet i Bergen (ofte kalla Bergens bymål) høyrer til dei sørvestlandske målføra. Målføret i Bergen er ulikt det i områda rundt av historiske grunnar.

Døme på ei formell opplesing av eit dikt av Henrik Ibsen på bergensk, utført i 1914 av lektor Sigurd Høst.

På 1500-talet vart målføret i Bergen endra i samband med den tyske hanseat-handelen. Hanseatane snakka nedertysk, men bergensarane lærte seg ikkje tysk. Ein kommuniserte ved å lære å forstå kvarandre, og i denne prosessen skjedde ei forenkling. Det er sannsynleg at dette er opphavet til det bergenske sermerket med berre to genus: samkjønn (felleskjønn) og inkjekjønn.[1]

Eit anna kjent trekk ved bergensk er bruken av skarre-r. Opphavleg vart det nytta rulle-r både i byen og i omlandet, men det er uvisst om skiftet frå rulle-r til skarre-r i Bergen skjedde før eller etter hansatida. I nyare tid har skarre-r-en spreidd seg frå byen til fleire og fleire av kommunane rundt, der det no er vanleg at unge folk skarrar medan eldre folk rullar.

Formlære

endre

(Denne delen skildrar det systemet som er vanlegast hjå bergensarar, altså såkalla gatebergensk (vulgærspråk, vulgærmål o.l..) Det er vanleg å sjå på penbergensk som ein variant av dette systemet. For ei skildring av dette, sjå under.)

Svake verb

endre

Her opererer ein med fem grupper:

  • kaste-gruppa: å kaste, eg kastar, eg kastet, eg har kastet.
  • dømme-gruppa: å dømme, eg dømmar, eg dømte, eg har dømt.
  • greie-gruppe: å greie, eg greiar, eg greide, eg har greid (for preteritum og perfektum høvesvis òg -dde og -dd ved nokre verb, som å spå).
  • telle-gruppa: å telle, eg tellar, eg talte, eg har talt (merk vokalendring i preteritum og perfektum).
  • nå-gruppa: å ha, eg har, eg hadde, eg har hatt (for perfektum finst både -dd og -tt).

Sterke verb

endre

Substantiv

endre

Eit særtrekk med bergensk er mangelen på hokjønn. Alle substantiv som reknast som hokjønn vert erstatta av hankjønnsord. Døme:

  • jenta vert til jenten
  • avisa vert til avisen

Ulike målføre

endre

Det er vanleg å dele dei bergenske målføra inn i fire undergrupper:

  • Penbergensk
  • Moderat penbergensk
  • Moderat gatebergensk
  • Gatebergensk

Grensene mellom desse er noko uklåre. Hovudtrekka som alle undergruppene har felles, er:

  • To tonem, medan målføra ikring Bergen berre har eitt.
  • Bergensk er e-mål, medan målføra ikring alle er a-mål (bergensk: å stupe, å grave, å hente <-> målføra ikring: å stupa, å grava, å henta).
  • Grammatikalsk hann- og hokjønn er slått saman til samkjønn (felleskjønn) med eins artikkel (en gutt, en jente <-> ein gut, ei jente) og eins bøying (gutten, jenten, guttar, jentar, guttene, jentene <-> guten, jenta, gutar, jenter, gutane, jentene).

I bergensk kan ein finne mange døme på at dialekten opphavleg likna meir på det ein finn elles på Vestlandet. Medan eigedomspronomen i normert bokmål har same forma av 2. og 3. person fleirtal (deres), skil bergensk, til liks med normert nynorsk, mellom 2. person fleirtal (dokkas, nynorsk: dykkar) og 3. person fleirtal (dies, nynorsk: deira).

Sjølv om bergensk talemål til dels er likare nynorsk enn bokmål, har bergensk – både den «penbergenske» varianten og «gatebergensk» – store innslag av lågtyske forstavingar, endingar og lånord, som til dømes an-, be-, ge-, -het og -else, og ord som bedotten og gehalt.

Penbergensk

endre

Det som karakteriserer denne undergruppa er hovudsakleg dei bokmålsnære substantiv- og verbbøyingane, samt pronomen og adverb:

  • Personlege pronomen: jei, mei, dei, hun, henne, han, ham, dere, de, dem
  • Eigedomspronomen: hans, hennes, vår, deres, deres
  • Spørjepronomen: vem, va, vilke(n/t)
  • Andre pronomen: noæ(n), sei, såmm, sell
  • Adverb: ikke, da, nå, vor, vordan, når

Døme på penbergensk uttale: Jei vet ikke når hun kommer.

Gatebergensk

endre

Substantiv- og verbbøyingar, pronomen og adverb ligg nærare nynorsk, men har visse særegne bergenske trekk som vist nedanfor. Det kan òg vera tendens til å «sluke» konsonantar både inni og på slutten av ord, særleg -r i notid av verb og i fleirtal av substantiv.

  • Personlege pronomen: e(g), meg, deg, hon, hon, dokker/-ar
  • Eigedomspronomen: hannes/-as (hans), honnes/-as, våres/-as (vår), dokkes/-as, dies/-as
  • Spørjepronomen: kem; ka; ka, ka slags, kasla, kalla, kass; kordan, kossen; korti (hvortid)
  • Andre pronomen: nokke(n), seg, så, sjøl(l)
  • Adverb: ikkje (isje), då, no, kor/korhen/hen, kordan, ko(r)ti'

Døme på gatebergensk uttale: «E' vet'sje ko'ti' hon komma'.», evt. «Eg vet ikkje korti' hon kommar.».

Kuriosa

endre

Det har vorte hevda at bergensdialekten tidleg på 1900-talet vart sett på som eit roande språk for barn. Å tilsetja ei bergensk barnejente skal før andre verdskrigen ha vore populært blant overklassen i Kristiania.[2] Éi forklaring er at det vart sett på for danna å ha ein svak skarring;[2] ei anna forklaring er at Kristiania-foreldra såg på at barna deira oppførte seg meir sedat når barnepassaren snakka vest-norsk dialekt.[treng kjelde] Uansett skal mange barn i datidas Kristiania ha utvikla eit talemål med skarre-r, utan å ha noka tilknyting til Vestlandet utover den vestnorske barnejenta si.[treng kjelde] Elles har det òg vorte hevda at det hundre år tidlegare, det vil seia på byrjinga av 1800-talet, var populært i Kristiania å henta barnejenter frå Sørlandet, slik at barna kunne tileigna seg blaute konsonantar, men at resultatet i staden vart at barna med dei sørlandske barnejentene utvikla eit talespråk med ei svak skarring.[3]

Kjelder

endre
  1. Agnete Nesse. Språkkontakt mellom norsk og tysk i hansatidens Bergen. Det Norske Videnskaps-Akademi (Novus Forlag), 2002
  2. 2,0 2,1 Faye, Axel (1998). Utvalgte slekter : "brustne illusjoner". B. 1. s. 274. 
  3. Hoel, Oddmund Løkensgard (1996). Nasjonalisme i norsk målstrid 1848-1865. Noregs forskingsråd. s. 42. ISBN 8212006956.