Universitetet i Nordland

(Omdirigert frå Høgskolen i Bodø)

Universitetet i Nordland, tidlegare Høgskulen i Bodø, vart samla og etablert 1. august 1994 etter ei samanslåing av fleire mindre høgskular. Frå 1. januar 2016 vart Universitetet i Nordland, Høgskolen i Nesna og Høgskolen i Nord-Trøndelag slege saman til Nord universitet med hovudsete i Bodø. Nord universitet har ikring 1 200 tilsette og 12 000 studentar på studiestadar i Bodø, Steinkjer, Levanger, Mo i Rana, Nesna, Namsos, Stjørdal, Stokmarknes og Sandnessjøen.

Universitetet i Nordland

Grunnlagt1994
TypeOffentleg universitet
StadBodø
Studentar5 966 (2014)
Tilsette587 (2014)
Nettstadhttp://uin.no/english/Pages/default.aspx
Erstatta avNord universitet
Kart
Universitetet i Nordland
67°17′20″N 14°33′37″E / 67.288889°N 14.560278°E / 67.288889; 14.560278

Universitetet I Nordland hadde ikring 5000 studentar og 430 tilsette, og var eitt av åtte statlege universitet i Noreg på denne tida, etter at tre høgskular i Nordland vart slått saman som ein del av Høgskolereformen i 1994. Universitetet hadde filialar i Mo i Rana og Stokmarknes, og dessutan undervising i Steigen, Tysfjord, Sør-Helgeland og ved Vensmoen studiesenter. I Bodø hadde universitetet samla verksemda si på Mørkved. Frode Mellemvik var rektor fram til 31. juli 2007. For perioden 1. august 2007 til 31. juli 2011 har universitetet tilsett professor Pål A. Pedersen, tidlegare dekan ved Handelshøgskolen i Bodø.

Universitetet kunne tilby vel 80 fag- og profesjonsstudier innan fiskeri og naturfag, samfunnsfag, handelsfag, sjukepleie og lærarutdanning. Desse kan takast i varierande lengder frå halvårsenheter til bachelorgrad, mastergrad og einskilde doktorgradstudium, og dessutan ei rekkje kurs-, etter- og vidareutdanningar. Universitetet tilbaud internasjonalisering av studium, både høve til å ta delar av den ordinære utdanninga si i utlandet, eller ved å fortsetje å utdanne seg i utlandet etter endt studium.

Historie

endre

Stortinget vedtok 28. mai 1970 at Nordland distriktshøgskole skulle leggjast til byen og undervisinga starta hausten 1971 i provisoriske lokale, men då lærarhøgskolen flytta til Rønvika i 1972, overtok høgskulen dei gamle lokala i Torvgata. På 1980-talet vart det avgjort at høgskulen skulle liggje ved dagens plassering på Mørkved og høgskulen flytta inn i første byggetrinn i 1986 under namnet Høgskolesenteret i Nordland. Den andre siviløkonom-utdanninga i landet vart lagt til byen. Sjukepleiarutdanninga vart samlokalisert til Mørkved og Høskolen i Bodø var etablert i 1994. Etter ei større utbygging i 2004 flytta også lærarutdanninga frå Rønvik til Mørkved. Høgskolen søkte om universitetsstatus hausten 2009, og vart 19. november 2010 akkreditert som universitet og endra namn til Universitetet i Nordland frå 1. januar 2011.[1]

Fakultet

endre

Universitet har fire fakultet:

Sjå òg

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre