Ago Markvardt
Ago Markvardt (fødd 11. august 1969 i Elva i Estland) er ein tidlegare sovjetisk/estisk kombinertløpar.
Ago Markvardt | |
Statsborgarskap | Estland |
Fødd | 11. august 1969 (55 år) Elva i Estland |
Idrett | kombinert |
Tok del i | Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1998 |
Utmerkingar | Estonian Athlete of the Year |
Under OL i 1994 på Lillehammer låg Markvardt på andreplass etter hopprennet, men fall ned på femteplassen etter langrennet. Saman med Allar Levandi og Magnar Freimuth kom det estiske laget på fjerde plass i lagkonkurransen.
I 1997 gjekk Markvardt igjen glipp av ein medalje ved ein internasjonal meisterskap, då han vart nummer 4 i normalprogrammet under verdsmeisterskapen i Trondheim.
Det beste resultatet til Markvardt i ei verdscupøving var ein åttandeplass i 1994 i Trondheim, ei plassering han tangerte i 1996 i Lahti.
Bakgrunnsstoff
endre- Resultatoversikt hjå FIS Arkivert 2007-09-30 ved Wayback Machine. (på engelsk)
- «Ago Markvardt» (på engelsk). olympedia.org. Henta 11. februar 2023.