Agrogeologi
Agrogeologi er studiet av mineral som er viktige i landbruk og hagebruk, særleg med tanke på dyrkingsjorda og gjødsling. Desse minerala er vanlegvis essensielle næringssalt og vert kalla agromineral. Studiet omfattar jordbotnslære under geologisk synsvinkel, klassifikasjon av jordsmonntypar på bakgrunn av forskjellig opphavsmateriale, danning, kornstorleiksfordeling og utvikling som følgje av klimaet.
Bakgrunnsstoff
endre- Rocks for Crops Arkivert 2017-09-14 ved Wayback Machine.
Kjelder
endre- Delar av denne artikkelen bygger på «Agrogeology» frå Wikipedia på engelsk, den 6. mai 2010.
- «agrogeologi» i Store norske leksikon, snl.no.