Åland
Åland (finsk Ahvenanmaa, «Åborlandet») er eit semi-autonomt, avmilitarisert øyrike og eit tidlegare len i Finland. Det finske landskapet har over 6 500 øyar som ligg inst i Austersjøen, mellom Sverige og Finland. Dei om lag 30 000 innbyggjarane er svenskspråklege. Hovudstaden og den einaste byen på Åland heiter Mariehamn og ligg på den største øya, Fasta Åland.
Åland | |||
sjølvstyrt område | |||
|
|||
Land | Finland | ||
---|---|---|---|
Del av | Nord-Europa, Norden | ||
Hovudstad | Mariehamn | ||
Areal | 1 582,93 km² | ||
Folketal | 30 144 (januar 2021)[1] | ||
Språk | svensk | ||
Tidssone | +2 | ||
Domene | .ax | ||
Åland 60°15′N 20°00′E / 60.25°N 20°E | |||
Wikimedia Commons: Åland |
Sjølv om Åland ligg nærare Sverige både språkleg og geografisk, vart øyriket sett på som finsk då Finland sa seg sjølvstendig i 1917. Medan finsk nasjonalisme voks på fastlandet, vart ålendingane meir stolte av å vera svenske. Dei aksjonerte for å verta ein del av Sverige, og Finland svara med å byda dei autonom status i republikken. Konflikten er ein av dei få som vart løyste av Folkesambandet, som sa at Åland skulle verta ein autonom region i Finland, men at kulturen og språket deira måtte vernast. For å halda Åland ålandsk har øyane til dømes strenge reglar om kven som kan kjøpa og eiga land der. Samtidig gjorde ein internasjonal avtale øyriket til eit nøytralt og demilitarisert område.