Ain't No Sunshine

Ain't No Sunshine
Singel av Bill Withers
frå albumet Just as I Am
B-side

«Harlem»

Språk engelsk
Utgjeve Juni 1971
Sjanger Soul, R&B, blues
Lengd 2:04
Selskap Sussex Records
Komponist Bill Withers
Tekstforfattar Bill Withers
Låtskrivar(ar) Bill Withers
Produsent Booker T. Jones
Bill Withers-kronologi 
- Ain't No Sunshine «Grandma's Hands»
(1971)


«Ain't No Sunshine» er ein song av Bill Withers frå albumet Just as I Am i 1971, produsert av Booker T. Jones. Med på albumet spelte Donald «Duck» Dunn på bassgitar og Al Jackson, Jr. på trommer, i tillegg til Withers på vokal og gitar. Strykearrangementet vart laga av Booker T. Jones og han vart spelt inn i Memphis av lydteknikaren Terry Manning. Songen vart gjeven ut på singel i september 1971 og vart det store gjennombrotet for Withers. Songen nådde sjetteplassen på U.S. R&B-lista og tredjeplassen på Billboard Hot 100.

Songen er i moll.[1]

Historie endre

Withers var inspirert til å skrive songen etter å ha sett filmen Days of Wine and Roses frå 1962. Han snakka om karakterane i filmen spelt av Lee Remick og Jack Lemmon, «Dei var begge alkoholikarar og var vekselvis svak og sterk. Det er som å ta ein ny porsjon med rottegift. Stundom saknar du ting som ikkje nødvendigvis var særleg bra for deg. Det var berre noko eg tenkte på då eg såg filmen, og truleg noko anna som skjedde i livet mitt som eg ikkje var klar over.»[2]

For det tredje verset i songen hadde Withers tenkt å skrive meir tekst, men repeterer i staden «I know» 26 gonger, etterfølgd av eit råd til dei andre musikarane om å berre la det vere slik som det: «Eg var ein fabrikkarbeidar som putla på, så då dei sa la det ver slik som det, så let eg det vere.»[3] Withers, som då var 31 år gammal, arbeidde på ein fabrikk som laga toalettseter for 747-fly på den tida.[3])

Songen vart opphavleg gjeven ut som B-side til ein annan song kalla «Harlem». DJane spelte i staden «Ain't No Sunshine» og han vart ein stor hit.[2].

«Ain't No Sunshine» er rangert på 285. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.[4] Songen vann ein Grammy for beste R&B-song i 1972.[2]

Andre versjonar endre

Songen er spelt inn av mange andre artistar, som Lighthouse Family, Aaron Neville, Al Jarreau, Horace Andy, Michael Jackson, Nancy Sinatra, Freddie King, Joan Osborne, Will Young, Lyn Collins, Richard Marx, Sydney Youngblood, rapparen DMX, Scott Walker, Isaac Hayes, Kenny Rodgers, Tom Jones, Neil Diamond, Roy Ayers, Michael Bolton og Paul Carrack

Kjelder endre

  1. Stephenson, Ken (2002). What to Listen for in rock: A Stylistic Analysis, p.89. ISBN 978-0-300-09239-4.
  2. 2,0 2,1 2,2 «Ain't No Sunshine». Songfacts.com. Arkivert frå originalen den 8. april 2009. Henta 3. mai 2014. 
  3. 3,0 3,1 Ain't No Sunshine: Rolling Stone, arkivert frå originalen 28. desember 2006, henta 3. mai 2014 
  4. «500 Greatest Songs of All Time». 

Bakgrunnsstoff endre