Opna hovudmenyen

Richard Noel Marx (fødd 16. september 1963) er ein USA-amerikansk adult contemporary- og pop/rock-songar, låtskrivar, musikar og plateprodusent som har seld over 30 millionar plater. Han hadde ei rekkje hitsinglar i 1980- og 1990-åra som «Endless Summer Nights», «Right Here Waiting», «Now and Forever» og «Hazard». Sjølv om nokre av dei store hittane hans var balladar, er mange av songane hans rockelåtar, som «Don't Mean Nothing», «Should've Known Better», «Satisfied» og «Too Late to Say Goodbye».

Richard Marx
Richardmarx-jan27th2005-0002.jpg
Fødd16. september 1963 (56 år)[1]
FødestadChicago i USA[1]
FødenamnRichard Noel Marx[1]
OpphavUSA
Aktiv1980 til i dag
SjangerPoprock, alternativ rock, softrock[2]
Instrumentvokal, gitar, klaverinstrument, orgel, piano, bassgitar
Stemmetypetenor
Tilknytte artistarDick Marx, Fee Waybill, Matt Scannell, Luther Vandross, Keith Urban
PlateselskapCapitol, EMI, Manhattan, Signal 21, Zanzibar, Frontiers, Kobalt Label Services
Verka somSongar-låtskrivar, musikar, plateprodusent, skodespelar
FarDick Marx
Gift medCynthia Rhodes

Marx hamna i rekordbøkene som den første soloartisten som fekk dei sju første singlane sine inn på topp 5 på Billboard Hot 100-lista i USA.[3] Utanom songar han har skrive og framført sjølv, han har han skrive og produsert songar for andre artistar, som «This I Promise You» av NSYNC og «Dance With My Father» av Luther Vandross. Den 14. og så langt siste listetoppen hans var «Long Hot Summer» med Keith Urban.[4]

DiskografiEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 «Biography & Career Highlights». Richard Marx Online. Henta 17. oktober 2015. 
  2. «'80s Soft Rock/Adult Contemporary Artists - Top 10 Soft Rock/Adult Contemporary Artists of the '80s». 80music.about.com. Henta 17. oktober 2015. 
  3. «Yamaha Announces Incredible Lineup for 2007 Dealer Concert». Yamaha. Henta 17. oktober 2015. 
  4. «4 Decades Of Number 1 Songs!». Henta 17. oktober 2015. 

BakgrunnsstoffEndra