Ainulindalë

skapelsesberetning i J. R. R. Tolkiens legendarium

Ainulindalë (alvisk for Ainusongen) er ein enkeltståande forteljing skriven av J.R.R. Tolkien, og utgjeven saman med Quenta Silmarillion i boka The Silmarillion, redigert av Christopher Tolkien i 1977.

Soga er gamal frå Tolkien si hand, og det første utkastet finst i opninga av The book of lost tales. Ho er ikkje stort endra frå den tid (skriven om lag 1920).

Handlinga endre

Ainulindalë tek for seg opphavet til verda, om korleis Eru eller Ilùvatar (Gud) skapte heilage vesen, Ainuane, for at dei skulle synge for han. Gjennom Ainusongen vert verda skapt, og Ainuane vert sende inn i verda for å skipe ho. Under songen vert det mislyd og uorden på grunn av Melkor, som vil skape motiv på utsida av dei tankane Eru har skapt.

Emne endre

Handlinga i forteljinga tek opp i seg trådar frå John Milton sitt verk Det tapte paradis. Di meir finn ein tankegods her som godt kan karakteriserast som gnostisk. Teksta er kanskje ei av dei mest metafysiske som er skrivne av Tolkien.