Ajía Nápa
Ajía Nápa (gresk Αγία Νάπα, tyrkisk Aynapa) er ein by på Kypros og ein kommune i distriktet Ammókhostos i Republikken Kypros.[2]
Ajía Nápa Αγία Νάπα Aynapa | |
---|---|
Styresmakter | |
Land Distrikt |
Kypros Ammókhostos |
Geografi | |
Flatevidd | 30,6395 km² |
Innbyggjarar[1] - By (2011) |
5 844 |
Koordinatar | 34°59′N 34°0′E / 34.983°N 34.000°E |
Høgd over havet | 60 m |
Tidssone - Ved sommartid |
UTC+2, UTC+03.00 (UTC) UTC+03.00 (UTC) |
Diverse anna | |
Heimeside: http://www.ayianapa.org.cy/ | |
Plassering | |
Ajía Nápa innafor distriktet Ammókhostos |
Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen 3 212 innbyggjarar.[1]
Turisme
endreAjía Nápa er ein av dei mest kjende turiststadene i landet. Før den tyrkiske invasjonen i 1974 var Ammókhostos (Famagusta) og Kerýnia dei to store feriebyane på øya. I åra etterpå blei turistindustrien bygd ut i området ved Ajía Nápa. Før 1974 var Ajía Nápa ein liten fiskarlandsby med nokre hundre innbyggjarar bygd rundt eit venetiansk kloster. Ajía Nápa ligg på søraustkysten av Kypros, og er kjend for sitt hektiske natteliv om sommaren. Mykje tydar på at byen også eksisterte i romersk tid. Ein finn mellom anna restar etter ein akvedukt. Namnet Ajía Nápa tyder 'Den heilage skogen i dalen'. Hovudgata Makarios III-avenyen går gjennom heile byen og ned til hamna. Her ligg dei fleste serveringsstadene og butikkane. Midt i byen ligg torget – Seferis-plassen. Sentrum i byen er fiskehamna. Her ligg det ei rekkje tavernaer.
Kjelder
endre- Delar av denne artikkelen byggjer på «Agia Napa» frå Wikipedia på bokmål, den 27. juli 2012.
- Referansar
- ↑ 1,0 1,1 «Folketeljing Kypros 2011» (på engelsk). CYSTAT. Arkivert frå originalen 17. september 2023. Henta 17. september 2023.
- ↑ «Municipalities» (på engelsk). Union of Cyprus Municipalities – Unionen av kypriotiske kommunar. Arkivert frå originalen 29. januar 2023. Henta 17. september 2023.