Johan Neeskens
Johannes Jacobus Neeskens (fødd 15. september 1951) er ein nederlandsk tidlegare fotballspelar og -trenar frå Heemstede i Nederland. Neeskens var ein av nøkkelspelarane på klubblaget Ajax og på Nederlands landslag, lag som i første halvdelen av 1970-åra revolusjonerte idretten gjennom sin totalfotball. Han spelte 49 landskampar for Nederland og skåra 17 mål.
Johan Neeskens med Nederland i 1974 | |||
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Johannes Jacobus Neeskens | ||
Fødselsdato | 15. september 1951 (73 år) | ||
Fødestad | Heemstede i Nederland | ||
Høgd | 178 cm | ||
Posisjon | Sentral midtbanespelar | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1968-1970 | RCH | 68 | (1) |
1970-1974 | Ajax | 124 | (33) |
1974-1979 | Barcelona | 140 | (35) |
1979-1984 | New York Cosmos | 94 | (17) |
1984-1985 | Groningen | 7 | (0) |
1985 | South Florida Sun | 1 | (0) |
1985-1986 | Kansas City Comets (innandørs) | 23 | (1) |
1986-1987 | Löwenbrau (amatør) | ||
1987-1990 | Baar | 23 | (5) |
Landslag | |||
1970-1981 | Nederland | 49 | (17) |
Trenar for | |||
1991-1993 | Zug 94 | ||
1993-1995 | Stäfa | ||
2000-2004 | NEC | ||
2006-2008 | Barcelona (assistenttrenar) | ||
2009-2010 | Galatasaray (assistenttrenar) | ||
2011-2012 | Mamelodi Sundowns | ||
Landslagstrenar for | |||
1995-2000 | Nederland (assistenttrenar) | ||
2005-2006 | Australia (assistenttrenar) | ||
2008-2009 | Nederland B | ||
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Karriere
endreKlubbspel
endreNeeskens debuterte i 1968 med RCH Heemstede på nivå to i det nederlandske divisjonssystemet. Her spelte han i to sesongar, før han vart oppdaga av Ajax-trenaren Rinus Michels. Åra 1970-74 spelte han på Ajax, med klubben vann han Europacupen tre år på rad 1971–1973, dessutan to cupmeisterskap og to seriemeisterskap. I europacup-finalen i 1971 spelte Neeskens høgreback, sidan hadde han fast posisjon på sentral midtbane.
Etter VM 1974 i Vest-Tyskland gjekk Neeskens til FC Barcelona. I Barcelona var også den tidlegare Ajax-trenaren Rinus Michels og Johan Cruijff. Med Barcelona vann han i 1978 den spanske fotballcupen og i 1979 cupvinnarcupen med siffera 4-3 over Fortuna Düsseldorf. Etter fem år i Barcelona flytta Neeskens sommaren 1979 til den USA-amerikanske klubben New York Cosmos. Frå hausten 1984 spelte Neeskens litt her og der, utan å sette spor etter seg.
Landslagsspel
endreNeeskens fekk sin landslagsdebut for Nederland hausten 1970 mot DDR. Sesongane 1972-74 var han ein heilt sentral spelar på Nederlands fotballandslag. Med sin kvikke og rørlege spelestil passa han godt inn spelet med totalfotball. Under verdsmeisterskapen i fotball 1974 spelte Nederland seg fram til finalen. I finalen mot Vest-Tyskland i München gav Neeskens sitt lag leiinga med eit straffespark det 2. minutt, men vertsnasjonen snudde kampen og vann 2-1. Også i 1978 var Neeskens med på å spele Nederland fram til VM-finalen. På ny måtte han nøye seg med VM-sølv då vertsnasjonen Argentina vann 3-1 etter ekestraomgangar.
Trenar
endreSidan 1991 har Neeskens arbeidd som fotballtrenar. Han har mellom anna vore assistentrenar for landslaga til Nederland 1995-2000 og Australia 2005-06, og for klubbane Barcelona 2006-08 og Galatasaray 2009-10. Fremste stillingane som hovudtrenar hadde han i NEC Nijmegen 2000-04 og har han sidan 2011 i den sør-afrikanske klubben Mamelodi Sundowns.
Meistertitlar og medaljar
endre- Tre gongar vinnar av Europacupen med Ajax Amsterdam: 1971, 1972, 1973
- To gongar nederlandsk seriemeister med Ajax Amsterdam: 1972, 1973
- To gongar nederlandsk cupmeister med Ajax Amsterdam: 1971, 1972
- Spansk cupmeister med FC Barcelona: 1978
- VM-sølv med Nederland: 1974, 1978
- EM-bronse med Nederland: 1976
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Johan Neeskens» frå Wikipedia på engelsk, den 27. mai 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- Johan Neeskens på FIFA sin offisielle nettstad