Akerøya er ei øy i Hvaler kommune i Østfold med eit areal på 1,6 km². Det høgaste punktet på øya er 33 moh. Aust for Akerøya ligg ein liten holme, Festningsholmen, med Akerøy fort frå 1600-talet. I sagatida heitte øya Saltholmen etter nokre grunne pollar der det vart vunne ut havsalt.

Akerøya
Geografi
Stad Ytre Oslofjord
Koordinatar 59°02′14″N 10°53′05″E / 59.03722°N 10.88472°E / 59.03722; 10.88472
Øygruppe Hvaler

Areal 1,6 km²

Høgaste punkt Reduten (32 moh.)

Administrasjon
Land Noreg
Fylke Østfold

Øya består i hovudsak av granitt og enkelte strandflater og grassletter. Karakteristiske «klover» skjer gjennom øya fleire stader der det veks godt med småbuskar og tre. Det er registrert meir enn 400 plantearter der fleire er trua og sårbare. Øya har eit rikt fugleliv og er ein rasteplass for trekkfugl. I 1978 vart det oppretta eit naturreservat for sjøfugl på aust- og vestsida av øya med ferdselsforbud delar av sommaren. Sidan 1961 har Akerøya Ornitologiske Stasjon drive registrering av fugl.

Fram til om lag 1950 var det eit gardsbruk som dreiv med storfe på øya. Dyrehaldet har vore med å halde vegetasjonen nede, men dei seinare års sauebeite har ikkje klart å halde tritt med gjengroing av spesielt einer.

På det høgaste punktet på øya er det ein redutt, ein observasjonspost for fortet på Festningsholmen. Nord for redutten er det funne fleire gravrøyser frå bronsealderen.

Den mest attraktive delen midt på øya er gjort til offentleg friområde med høve for telting. Akerøya er eigd og vert forvalta av Staten og Oslofjordens Friluftsråd, som òg har ein oppsynsmann i det einaste huset på øya i perioden 15. juni-15. august. Utanom sesongen vert huset disponert av Akerøya Ornitologiske Stasjon.

Kjelder endre