Akhaía

(Omdirigert frå Akhaia)
Periferieininga Akhaía
Περιφερειακή ενότητα Αχαΐας
Plasseringa til {{{name}}} i Hellas
Periferi Vest-Hellas
Hovudstad Pátra
Folketal 309 694 (2011[1]) Rangering 5.
Areal 3 271 km²
Folketettleik 95/km²
Kommunar 5
Postnummer 25x xx - 26x xx
Retningsnummer 269x0, 2610
Bilnummer AX
Heimeside www.achaia.gr

Periferieininga Akhaía (gresk Περιφερειακή ενότητα Αχαΐας, Periferiakí enótita Akhaías) er ei periferieining i Hellas i periferien Vest-Hellas.[2] Hovudstaden i periferieininga er Pátra. Periferieininga ligg på nordkysten av Peloponnes, og strekkjer seg frå fjellkjedene Erýmanthos og Kyllíni i sør til Korintbukta i nord der fjellet Panakhaikó (1 902 moh) ligg. Akhaía grensar i vest til prefekturet Ilía, i sør til Arkadía og i aust til Korinthía. Korintbukta dekkjer heile nordkysten.

Geografi endre

Av fjell finn ein Omblós i aust, Erýmanthos sentralt, Khelmós eller Aroánia i søraust, Skóllis i sørvest, Móvri og Mávro Óros i vest. Av elvar finn ein Lárissos, Tythévs, Píros og Kháradros i nordvest og Selinoúndas og Vouraikós i aust.

Administrativ inndeling endre

Tidlegare var Akhaía eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i fem kommunar.[2]

Periferieining Kommune Tidlegare
kommune
Akhaía Vest-Akhaía Dými
Lárissos
Móvri
Olenía
Pátra Pátra
Vrakhnéika
Messátida
Paralía
Río
Erýmanthos Farrés
Kaléndzi
Leóndio
Tritéa
Ejália Ejíra
Éjo
Akráta
Diakoptó
Erinéos
Symbolitía
Kalávryta Kalávryta
Aroánia
Levkási
Paíon

Historie endre

 
Kart over Akhaía i antikken

I tida under Romarriket dekte provinsen Akhaia store delar av Hellas, bortsett frå Thessalía, Ípiros og Akarnanía. Keisar Augustus gav Akhaía politiske fordelar og større status enn dei andre greske provinsane, sidan det låg nærare Roma enn dei andre provinsane. Etter regjeringstida til Augustus vart derimot provinsen Akhaía slått saman med provinsen Makedonia. I mellomalderen vart Akhaía ein del av Austromarriket.

1200-talet vart fyrstedømet Akhaia grunnlagd i Hellas etter det fjerde krosstoget. Dette vart erobra av Det osmanske riketpå midten av 1400-talet. Området vart seinare invadert av Venezia på 1500- og 1600-talet, men kom tilbake til osmanarane. I 1821 vart Akhaía ein del av Hellas under den greske sjølvstendekrigen. Dei første åra som gresk område vart Akhaía slått saman med Ilía i prefekturet Akhaía-Ilía fram til 1899. I 1909 vart dei igjen slått saman og først i 1936 vart dei igjen skild frå kvarandre. Området rundt Mataránga var ein del av Ilía fram til 1990-åra.

Mange flyktningar kom til Akhaía under den gresk-tyrkiske krigen 1919-1922.

Byar og tettstader endre

Dei største byane og tettstadene i periferieininga er:

Tettstad Kommune Folketal 2011[1]
Pátra Pátra 168 034
Éjo Ejália 10 422
Káto Akhaía Vest-Akhaía 6 618
Paralía Pátra 6 336
Ovryá Pátra 6 308
Río Pátra 4 664
Deménika Pátra 2 783
Ájos Vasílios Pátra 2 662
Vrakhnéika Pátra 2 571
Rododáfni Ejália 2 564
Diakoptó Ejália 2 183
Mindilógli Pátra 2 120
Kalávryta Kalávryta 1 674
Aktéo Pátra 1 494
Ejíra Ejália 1 462
Akráta Ejália 1 393
Rojítika Pátra 1 288
Kamáres Ejália 1 218
Témeni Ejália 1 214
Syliveniótika Ejália 1 165
Sajéika Vest-Akhaía 1 038
Lápas Vest-Akhaía 1 000
Khalandrítsa Erýmanthos 913

Kjelder endre