Akhtar Chaudhry

norsk politikar

Akhtar Chaudhry (fødd 23. juli 1961) er ein norsk-pakistansk SV-politikar.

Akhtar Chaudhry
Akhtar Chaudhry.jpg
Fødd 23. juli 1961

Lahore

Parti Sosialistisk Venstreparti

Han var fast møtande vararepresentant på Stortinget for Kristin Halvorsen etter at Heidi Sørensen, som første vararepresentant, blei statssekretær i oktober 2007. Frå mars 2012 var han vararepresentant for Heikki Holmås etter at Holmås blei utnemnd til utviklingsminister. Han var også vararepresentant i perioden 2001-2005.

8. oktober 2009 vart Chaudry vald til 4. visepresident i Stortinget, som den første med minoritetsbakgrunn.[1]

Chaudhry vart fødd i Lahore i Pakistan og flytta til Noreg i 1982. Han er blitt rangert som ein av landets ti mest innverknadsrike innvandrarar.[2]

Han var medlem av Oslo bystyre 1999-2007, og varamedlem 1995-99. Han har vore tilsett i Pakistan Norwegian Welfare Organization, tillitsvald i Sporveisbussens fagforening, fylkessekretær i Oslo SV, og sentralstyremedlem i SV.

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. Røeggen (07.10.2009). «4. visepresident Akhtar Chaudhry». Nettavisen. Henta 23. mai 2009. 
  2. Stokke (12.12.2006). «Top 10 immigrants named». Aftenposten. Henta 27. november 2008. 

BakgrunnsstoffEndra