Aksel Konrad Mikkola

norsk politikar

Aksel Konrad Mikkola (17. juni 18912. mars 1975) var ein norsk småbrukar, landhandlar og politikar frå Neiden i Sør-Varanger. Han var stortingsrepresentant for Finnmark og Arbeidarpartiet i tida frå 1934 til 1945.

Aksel Konrad Mikkola
Fødd 17. juni 1891
Død

2. mars 1975

Yrke politikar

Mikkola var son til ein småbrukar. Etter han i 1913 tok eksamen ved J. C. Claussens handelsskule i Bodø arbeidde han som handelsbetjent i Kirkenes. I 1918 dreiv han ein landhandel ved Neiden kapell og frå 1920 også småbruket Mikkelsnes ved osen av Neidenelva. Dessuten var han ekspeditør for Dampskipsselskapet Finnmark Fylkesrederi.

Mikkola var heradsstyremedlem i Sør-Varanger frå 1922 til 1937. Hausten 1933 vart han den fyrste med finsk innvandrarbakgrunn som vart vald til stortingsmann. På Tinget var han perioden 1934-36 medlem i Skog- og vassdragskomiteen. Etter attval i 1936 var han 1937-45 medlem i Landbrukskomiteen. Under okkupasjonen var han i oktober 1944 ein av dei som rømde til fjells då dei tyske okkupasjonsstyrkane trekte seg tilbake i Finnmark. Både før og etter okkupasjonen var han medlem i skulestyret og formann i jordstyret i Sør-Varanger.

KjelderEndra