Aksla Idrettslag er eit idrettslag heimehøyrande i bydelen Nørvasund i Ålesund kommune. Idrettslaget vart stifta 25. november 1928 og var eit arbeidaridrettslag med base sentralt i Ålesund by. Aksla IL er i dag aktivt med i fotball og handball, men vart særleg kjend for sine friidrettsutøvarar. Aksla IL spelar i raude drakter med kvite bukser.

Lagsnamnet er etter byfjellet Aksla, og Aksla IL hadde i lang tid Aksla stadion til heimebane. I dag er Ratvik stadion heimebane.

Soge endre

Aksla IL sitt fotballag vann 4. divisjon Sunnmøre i 1974. I 1975-sesongen deltok laget i 3. divisjon Møre, der Aksla enda på tiande- og sisteplassen.

Mellomdistanseløparen Hilde Stavik vann NM-gull på 1500 meter i 1982 og spydkastaren Narve Hoff vart norsk meister i 1985. Elles vann både sleggjekastaren Arnfinn Bigseth ogf sprintaren Ann Marit Kleive NM-medaljar som Aksla-medlemer. Sprintaren Øyvind Røst kom òg frå Aksla IL, men sanka medaljar som BUL-utøvar.

Kjelder endre