Narve Hoff (fødd 16. juli 1957) er ein tidlegare idrettsutøvar frå Ålesund. Han vart norsk meister i spydkast i 1985 og 1987, tildelt kongepokalen i 1987. I tida før han satsa på friidrett, spelte Hoff fleire sesongar volleyball med Ålesund VK i den norske toppserien.

Narve Hoff
Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. juli 1957 (66 år)
Idrett friidrett, spydkast
Utmerkingar

Kongepokal

Arne Indrebø vinn ved NM i Jessheim 1993. Narve Hoff står mot gjerdet og ser på.

Aktiv

endre

Hoff sette personleg rekord og fylkesrekord med 76,16 meter heime i Ålesund den 19. juni 1982. Under gunstige kast-tilhøve i Liabygda i Stranda 25. september 1984 smekka han til med 83,64 meter. Prestasjonen sende han opp på åttandeplassen i norsk spydkasting med den dåverande spydtypa. Under Friidretts-NM 1985 kasta han nesten like langt då han vann NM-gull og viste karar som Per Erling Olsen og Reidar Lorentzen til andre- og tredjeplass.

Hoff deltok i EM i friidrett 1986 i Stuttgart. Med 75,14 m i kvalifiseringa mangla han i underkant av 3 meter på å nå finalen, enda dermed på 22. plass. Ved noregsmeisterskapen i Nesbyen den 16. august 1987 presterte Hoff sitt livs beste kast med den nye spydtypen. 78,54 meter gav han ikkje berre gullmedaljen, men sikra også at han vart tildelt kongepokalen. Dei neste åra var Hoff plaga av skade, kom aldri tilbake på eit høgt nivå i spydkast.

Hoff var ein spenstig kar som vart norsk meister i lengde utan tilløp i 1982, 1983, 1984, 1987, 1989, 1990 og 1992. Han var etter tur medlem i Aksla Idrettslag, Idrettslaget Valder, Ålesund FIK og Mørejarl Friidrettsklubb.

Medaljar i noregsmeisterskap

endre

Kjelder

endre