Aktiebolaget Volvo

Denne artikkelen handlar om Aktiebolaget Volvo. For personbilprodusenten Volvo, sjå Volvo Personvagnar.

Aktiebolaget Volvo (òg kjent som Volvokonsernet og Volvo Group) er ein svenskeigd produsent av nyttekøyretøy, anleggsmaskinar, dieselmotorar og delar til jetmotorar. Føretaket har rundt 115 000 tilsette, ved fabrikkar i 19 land. Produkta vert selde i rundt 180 land. Føretaket produserte tidlegare personbilar, men Volvo Personvagnar er no eigd av det kinesiske føretaket Zhejiang Geely Holding Group. Den fyrste Volvo-bilen, kalla ÖV4, vart ferdig laga den 14. april 1927 i Göteborg.[1]

Volvo


Org.formAktiebolag
Svensk orgnr.556012-5790
BransjeBilindustri
Skipa2000
DotterselskapVolvo Bussar, Volvo Lastvagnar, Volvo Powertrain, Volvo Construction Equipment
Eigenandel iRenault Trucks, UD Trucks, Volvo Lastvagnar, Volvo Trademark Holding
HovudkontorGöteborg
LandSverige
Produktlastebil, buss, anleggsmaskin
StyreleiarCarl-Henric Svanberg
Nettstadhttps://www.volvogroup.com/

Kjelder endre

  1. «Vår arv», Volvo Cars (på norsk), henta 13. oktober 2022