Renault Trucks er ein fransk lastebil- og varebilprodusent. Føretaket vart stifta i 1978, då Saviem og Berliet (som var eigd av Renault) gjekk saman til Renault Véhicules Industriels (RVI). I 2001 vart føretaket kjøpt av Aktiebolaget Volvo‎ og namnet vart endra til Renault Trucks. Renault eig i sin tur ein del av Aktiebolaget Volvo.

Renault Trucks


BransjeBilindustri
Skipa1894
Forgjengar(ar)Berliet, Saviem
EigarAktiebolaget Volvo
MorselskapVolvo Lastvagnar
Eigenandel iArquus
HovudkontorSaint-Priest
LandFrankrike
ProduktLastebilar og bussar
Grunnleggjar(ar)Marius Berliet, Louis Renault
Nettstadhttp://www.renault-trucks.com (fransk)
Renault Magnum trekkvogn med semitrailer.

Historie

endre

Renault vart stifta av Louis Renault i 1898 for å produsera bilar. Dei fyrste lastebilar og bussane vart produserte i 1906.[1] Den fyrste lastebilen hadde ein tosylindra motor med eit slagvolum på 1,9 liter og effekt på 10 hk. Nyttelasten var på eit tonn. I 1909 kom det ein ny modell, med ein firesylindra motor og ein nyttelast på 3 tonn. Det kom òg ein større modell, med ein firesylindra motor med eit slagvolum på 6.1 liter og ei nyttelast på 5 tonn. Girkassen hadde fire hastigheiter og det var kjedeoverføring frå girkassen til drivhjula.

Kjelder

endre
  1. Bradley, Elliot (1979). Trucks and trucking. Crescent Books. s. 94. ISBN 0-517-27343-8. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Renault Trucks