Al-Amarah

Amarah (arabisk العمارة, Al ‘Amārah, òg skrive Amara) er ein by i det søraustlege Irak ved breidda av Tigris sør for Bagdad, kring 50 km frå grensa til Iran. Han ligg heilt nord i myrlandskapet mellom Tigris og Eufrat.[1]

Amarah
العمارة
by
Breezes of Marshes.jpg
Land Flag of Iraq.svg Irak
Guvernement Maysan
Høgd 12 moh.
Folketal 511 542 (2012)
Grunnlagd 1860

Al-Amarah
31°49′0″ N 47°9′0″ E
Wikimedia Commons: Amarah

Han er hovudsakleg busett av sjiamuslimar, og hadde kring 340 000 innbyggjarar i 2002 og 420 000 i 2005.[2] Byen er det administrative senteret i guvernementet Maysan. Staden er eit stort handelssenter for det kringliggande jordbruksområdet, og er kjend for vevevarer og sølvarbeid.

KlimaEndra

Amarah har eit heitt ørkenklima (Köppen si klimaklassifisering BWh) med ekstremt varme og tørre somrar og kjølige, våtare vintrar.

Klimadata for Amarah
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Normal maks. temp. °C 16.5 19.6 24.4 31.3 38.3 43.1 45.5 44.9 42.0 35.0 25.8 18.5 32,08
Normal min. temp. °C 6.2 8.1 12.0 17.5 23.2 26.6 28.5 27.6 23.6 18.3 12.0 7.8 6,2
Nedbør (mm) 37.0 25.1 33.6 14.8 3.9 0.0 0.0 0.0 0.7 6.0 19.8 36.5

Normal mengd nedbørdagar 8 6 7 6 4 0 0 0 0 3 5 6 45
Kjelde: World Meteorological Organisation (UN) [3]

KjelderEndra

  1. «Al 'Amarah». Encarta Online Encyclopedia. Microsoft. 2001. Henta 27. februar 2021. 
  2. Kjeilen, Tore. «Al Amarah». Encyclopaedia of the Orient. Arkivert frå originalen den 21. oktober 2006. Henta 27. februar 2021. 
  3. «World Weather Information Service – Amarah». United Nations. Henta 1. januar 2011. 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Al-Amarah