Ed Dahi

(Omdirigert frå Al-Dahi)

Ed Dahi, òg kalla ad-Dahi (arabisk الدحي) eller berre Dahi (hebraisk דַחִי) er ein arabisk landsby nordaust i Israel. Han ligg like ved Afula og høyrer til Bustan al-Marj regionale kommune. Landsbyen ligg 550 meter over havet.[1] I 2006 hadde han eit folketal på 556.

Ed Dahi
דַחִי, لدحي, דַחִי
landsby
Nabi Dahi, grava til Dahia Bin Khalifa al-Kalbei
Land  Israel
Distrikt Nord distrikt
Kommune Bustan al-Marj
Koordinatar 32°37′16.1″N 35°20′36.56″E / 32.621139°N 35.3434889°E / 32.621139; 35.3434889
Folketal 556  (2006)
Kart
Ed Dahi
32°37′16″N 35°20′37″E / 32.621138888889°N 35.343488888889°E / 32.621138888889; 35.343488888889
Kart som viser Ed Dahi.
Kart som viser Ed Dahi.
Kart som viser Ed Dahi.
Wikimedia Commons: Ed Dahi

Historie

endre

Landsbyen er kalla opp etter Dahia Bin Khalifa al-Kalbei, som i følgje islamsk tradisjon var ein ven av profeten Muhammed. Dahia, ein ambassadør for Muhammed, prøvde å omvende den bysantinske keisaren Heraklios til islam. I følgje ei lokal segn skal Dahia ha vorte drepen og gravlagd der landsbyen ligg.[1]

Under det britiske styret og folketeljinga i 1931, var det 16 busette hus i Ed Dahi for eit folketal på 87 muslimar.[2]

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Dahei Arkivert 2009-10-21 ved Wayback Machine. Bustan al-Marj regionale kommune.
  2. E. Mills, red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas. Jerusalem. Jerusalem: Government of Palestine. s. 73. 

Bakgrunnsstoff

endre