Fatah
al-Fatah (arabisk فتح) er ein del av den palestinske nasjonale frigjeringsrørsla, og er den største gruppa innanfor PLO.
Fatah | |||
Fil:Emblem of Fatah Vector Graphic.svg, Fatah Flag Vector Graphic.svg | |||
Skipa | 1959 | ||
---|---|---|---|
Hovudkontor | Ramallah | ||
Leiar | Mahmoud Abbas | ||
Ideologi | palestinsk nasjonalisme, sekularisme | ||
Nettstad | http://www.fatehmedia.ps/ |
Namn
endreFatah er eit omvendt akronym av Harakat al-Tahrir al-Watani al-Filastini, «Palestinas nasjonale frigjeringsrørsle». Ordet «Fatah» tyder òg «erobring» på arabisk.
Soge
endreAl-Fatah vart skipa på slutten av 1950-talet av unge palestinarar, mellom dei Yassir Arafat. Målet deira var å frigjere Palestina frå det dei såg som ein israelsk okkupasjon. Somme har sett organisasjonen som ein terror-organisasjon, særleg i Israel. Partiet Fatah er i dag konsultativ medlem av den Sosialistiske Internasjonalen.
Fatah har ein pågåande konflikt med islamistrørsla Hamas, som kontrollerer Gaza. Fatah synest derimot å stå sterkare på Vestbreidda.
Fatah sitt ungdomsforbund Fateh Youth (Shabibet Fateh) er konsultativ medlem i IUSY, den internasjonale organisasjonen der også AUF er medlem.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Fatah» frå Wikipedia på svensk, den 30. juni 2007.