Terrorisme

(Omdirigert frå Terror)

Terrorisme er medvitne og systematiske åtak på sivile for å skapa frykt, med intensjon om å nå politiske, ideologiske eller religiøse mål. Dei som gjer dette, kan vera organisasjonar (sjå nedanfor) eller statar. I det siste tilfellet kallar ein det gjerne statsterrorisme.

USA har ei terrorliste som nemner mellom anna Taliban, Hamas, ISIL og Al-Qaida som terrororganisasjonar.[1]

Døme på terroråtak i seinare tid
Dato Stad Terrorist/Terrororganisasjon Ideologi
11. september 2001 Verdshandelsenteret i New York,

The Pentagon i Virginia

Al-Qaida Islamisme
17. september 2006 Synagogen i Oslo
22. juli 2011 Utøya i Buskerud og Regjeringskvartalet i Oslo Anders Behring Breivik Islamofobi, anti-feminisme og anti-multikulturalisme
19. desember 2016 Breitscheidplatz i Berlin Anis Amri (ISIL) Islamisme
10. august 2019 Al-Noor Islamic Centre i Bærum Filip Manshaus Islamofobi og anti-multikulturalisme

Førebygging

endre

Lov av 20.mars 1998 (Oppheva) nr. 10 om forebyggande tryggingssteneste (Tryggingslova) §3 punkt 5, opererte med ein smalare definisjon av terrorisme. Der vart terrorhandlingar definert som: «Ulovlig bruk av, eller trussel om bruk av, makt eller vold mot personer eller eiendom, i et forsøk på å legge press på landets myndigheter eller befolkning eller samfunnet forøvrig for å oppnå politiske, religiøse eller ideologiske mål.»[2]

Straffeloven §§ 131-146 tek føre seg definisjon og straff som omhandlar terrorisme.[3]

I Noreg er det Politiets tryggingsteneste (PST) som har ansvaret for å førebyggja terrorhandlingar.[4]

Kjelder

endre
  1. Ramsey, Wanda, «Foreign Terrorist Organizations», United States Department of State (på engelsk), henta 6. juli 2022 
  2. «Lov om forebyggende sikkerhetstjeneste (sikkerhetsloven) - Lovdata», lovdata.no, henta 6. juli 2022 
  3. «Lov om straff (straffeloven) - Kapittel 18. Terrorhandlinger og terrorrelaterte handlinger - Lovdata», lovdata.no, henta 6. juli 2022 
  4. «Forebyggje», www.pst.no (på norsk), henta 6. juli 2022 

Artiklar

endre