Al-Qadisiyah guvernement

(Omdirigert frå Al-Qādisiyyah guvernement)

Al-Qadisiyah guvernement (arabisk القادسية Al Qādisiyah) er eit guvernement i Irak. Det ligg sentralt og sør i landet og har kring 1-1,5 millionar innbyggjarar. Det administrative senteret er Al Diwaniyah. Før 1976 var det ein del av ad-Diwāniyah guvernement, i lag med al-Muthannā og Najaf. Provinsen er kalla opp etter den historiske byen Al-Qādisiyah, åstad for slaget ved al-Qādisiyah, der styrkane til det islamske Rashidun-kalifatet i 636 evt. slo styrkane til Sasanideriket. Guvernement er hovudsakleg busett av sjia-arabarar. Det omfattar Dei mesopotamiske sumpene i Hor Aldelmj.

Al-Qadisiyah guvernement
القادسية
guvernement
Dalmaj marsh088.jpg
Land Flag of Iraq.svg Irak
Koordinatar 31°51′N 45°3′E
Hovudstad Al Diwaniyah
Areal 8 153 km²
Folketal 1 320 000 (2014)
Folketettleik 162 / km²
Kart
Al-Qadisiyah guvernement
31°51′ N 45°3′ E
Al-Qadisiyyah in Iraq.svg
Wikimedia Commons: Qadisiyyah Governorate

DistriktEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra