Opna hovudmenyen
██ Vanlege territoirum ██ Største utstrekking ei kort tid under krigen mellom Austromarriket og Sasanideriket 602–628

Sasanidane var det siste innfødde dynastiet i Persarriket (Iran) før den arabisk-muslimske invasjonen på 600-talet. Sasanidetida byrja i 226, då dynastiet erobra Parti, og enda på midten av 600-talet, då riket blei erobra av arabarar.

Namnet på dynastiet kjem frå Sasan, ein stamfar av den første sasanideherskaren Ardasjir I (224-240). Ktesifon var hovudstad i riket. Hovudstaden fall for arabarane allereie i 636.

Innhaldsliste

ReligionEndra

Statsreligionen i riket var parsisme (zoroastrisme). Retningen zervanisme var den viktigaste retningen innan parsismen i sasanideriket. Profeten Mani (216-277), som hadde utvikla ein ny skriftreligion, var verksam i denne perioden. I 250 fekk Mani kong Sjapur I til å konvertera til manikeismen, og under hans styretid hadde manikeismen stor framgang. Etter at kongen døydde blei Mani og tilhengjarane hans forfølgde. Mani blei teken, fengsla og dødsdømd, men døydde i fengselet før dommen blei fullført.[1][2]

Biblioteket i KtesifonEndra

Under sasanidane huste Ktesifon eit av dei største biblioteka i antikken. I samband med den arabiske invasjonen blei biblioteket plyndra, og alle bøkene blei brende eller kasta i Eufrat. Ifølgje historikaren al-Tabari skreiv befalshavaren Sa'd ibn Abi Waqqas til kalif Umar ibn al-Khattab og spurd kva han skulle gjera med boksamlinga i palassa i den sasanidiske hovudstaden. Umar skreiv tilbake at om bøkene var i strid med Koranen var dei blasfemiske, men om dei stemde med han var det ingen fare. Skriftene enda med å bli øydelagde, og dermed blei ein stor del av dei persiske litteraturskattane tapte for ettertida.

KjelderEndra

  1. «Mani». Nationalencyklopedin. Henta 17. mai 2012. 
  2. Ewald, Stefan (huvudförfattare) (1990, sv upplaga 1996). Religionslexikonet. Stockholm: Bokförlaget Forum. ISBN 91-37-11539-1

BakkrunnsstoffEndra