Muthanna guvernement
Muthanna guvernement (arabisk المثنى Al Muthannā) er eit guvernement i Irak, kalla opp etter den arabiske generalen al-Muthanna ibn Haritha frå 600-talet. Det ligg sør i landet ved grensa til Saudi-Arabia. Det administrative senteret er byen Samawah.
Muthanna guvernement | |||
المثنى محافظة | |||
guvernement | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | |||
Hovudstad | Samawah | ||
Areal | 51 740 km² | ||
Folketal | 770 500 (2015) [1] | ||
Folketettleik | 15 / km² | ||
![]() Muthanna guvernement | |||
Wikimedia Commons: Muthanna Governorate | |||
Før 1976 var guvernementet ein del av Diwaniya guvernement, som i dag er ein del av Najaf guvernement og Al-Qādisiyyah guvernement.
Samawah ligg like ved den sumerisk-babylonske oldtidsbyen Uruk (arameisk Erech), som kan vere opphavet til namnet «Irak». Etter Babylon fekk lågare status då selevkidane grunnla Seleucia, vart Uruk den største byen sør i Babylonia. Namnet hans, Erech, fortrengde etterkvart Babili (Babylonia), sidan byen varte langt lengre enn den tidlegare hovudstaden, fram til 600-talet.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Muthanna Governorate» frå Wikipedia på engelsk, den 8. november 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: