Opna hovudmenyen

Al-Suqaylabiyah (arabisk السقيلبيه) er ein gresk-ortodoks, kristen by i Syria som administrativt høyrer til Hama guvernement. Al-Suqaylabiyah ligg på ei høgd 220 meter over havet. I følgje ei folketeljing i 2004 har byen 17 313 innbyggjarar.

Al-Suqaylabiyah
السقيلبيه
by
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Hama
Distrikt Al-Suqaylabiyah
Nahiyah Al-Suqaylabiyah
Høgd 220 moh.
Koordinatar 35°22′11″N 36°22′48″E
Folketal 17 313 (2004)
Tidssone EET (UTC+2)
Syria location map3.svg
Locator Red.svg

HistorieEndra

Namnet går attende til den antikke Seleucia ad Belum, ein by som grekarane grunnla og som låg nesten på same staden. Staden vart fråflytta i mellomalderen og folkesett att i byrjinga av 1800-talet. I 1860 gjekk lokale beduinar til åtak på al-Suqaylabiyah.[1]

KjelderEndra

  1. Douwes, 2000, s. 38.