Opna hovudmenyen

Al Khan er ein sørleg forstad til byen Sharjah i Dei sameinte arabiske emirata. Forstaden ligg langs Al Khan-vika, som ligg mellom Sharjah og Dubai. Fram til nyleg var området berre eit ørkenområde med somme falleferdige, tradisjonelle korall- og adobehus, men i dag ligg Sharjah akvarium her. Fleire av dei eldre bygningane er blitt restaurert til eit museumsområde.

Al Khan
by
Land Flag of the United Arab Emirates.svg Dei sameinte arabiske emirata
Emirat Sharjah
Høgd moh.
Koordinatar 25°19′55″N 55°21′32″E
United Arab Emirates location map.svg
Locator Red.svg

HistorieEndra

Rundt byrjinga av 1900-talet, vart Al Khan styrt av ein stammehøvding og hadde 75 perledykkarbåtar og ein busetnad av familiane Al Bu Mahair, Mazari og Manasir.

Al Khan var åstad for kampar mellom leiarane til opprørsgruppa Majlis og styrkar som var lojale til herskaren i Dubai i februar 1940. Etter fleire dagar med kampar, vart det våpenkvile etter at herskarane i Umm Al Quwain, Ajman og Ras Al Khaimah hadde vore meklarar.[1]

KjelderEndra

  1. Wilson, Graeme (1999). Father of Dubai. UAE: Media Prima. s. 60. ISBN 9789948856450.