Ajman
Ajman (arabisk عجمان, Aǧmān) er hovudstaden i emiratet Ajman i Dei sameinte arabiske emirata og ligg langs Persiabukta.
Ajman | |||
عجمان | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Emirat | Emiratet Ajman | ||
Koordinatar | |||
Folketal | 238 000 (2010) | ||
![]() Ajman | |||
Wikimedia Commons: Ajman | |||
FolketalEndra
Byen hadde 238 000 innbyggjarar i 2010. Dette er meir enn 90 % av folketalet i heile emiratet. Byområdet glir direkte over i byen Sharjah langs kysten i sørvest, som igjen har vokse saman med Dubai. I lag dannar dei eit samanhengande byområde.
HandelEndra
I Ajman ligg kontoret til emiren, fleire selskap og marknadar, og kring 50 internasjonale og lokale butikkar. Her ligg òg fleir bankar.
TurismeEndra
Ajman har kome i gang att etter finanskrisa i 2007-2008. Turistmåla i emiratet, inkludert hotell, shopping og kulturinstitusjonar, er i rask vekst. Av turistmål finn ein Ajman nasjonalmuseum nær Ajman Fort, Det raude fortet og museet i innlandsenklaven Manama.
Mange familiar vitjar den travle og populære cornichen i Ajman på kveldane og i helgane med mange snøggmatbutikkar, kafear og bodar.
SamferdsleEndra
Den naturlege hamna i Ajman ligg langs ei naturleg vik som går innover i byen.[1] Arab Heavy Industries ligg i Ajman og er ein av dei største skipsprodusentane i verda.[2]
Hovudflyplassen i emiratet ligg i enklaven Manama, kring 60 km aust for byen, og er dermed i ein av dei mest fjerntliggande delane av emiratet. Sharjah internasjonale lufthamn ligg derimiot berre nokre få kilometer unna.
Sjå ògEndra
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Ajman» frå Wikipedia på engelsk, den 19. september 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Ajman Free Zone, arkivert frå originalen 2008-04-18, henta 19. september 2016
- ↑ World66: Ajman