Alan Freed
Alan Freed (15. desember 1921–20. januar 1965), òg kjend som Moondog, var ein amerikansk DJ som vart internasjonalt kjend for å marknadsføre afroamerikansk rhythm and blues-musikk på radio i USA og Europa som rock and roll, og vert rekna som den første som kalla musikksjangeren dette. Mange store afroamerikanske artistar frå den første generasjonen rock and roll-artistar (som Bo Diddley, Little Richard og Chuck Berry) har hylla Alan Freed for haldningane han hans som var med å bryte ned rasegrensene for ungdomen på 1950-talet i USA. Karrieren hans vart øydelagd av payola-skandalen som råka kringkastingsindustrien tidleg i 1960-åra. Han gjekk ut på at radiokanalar fekk betalt av plateselskap for at dei skulle spele artistane deira.
Alan Freed | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 15. desember 1921 Windber, Johnstown |
Død |
20. januar 1965 (43 år) |
Yrke | DJ, radioprogramleiar, låtskrivar |
Språk | engelsk |
Nettstad | http://www.alanfreed.com/ |
Alan Freed på Commons |
Freed døydde 43 år gammal i Palm Springs i California i 1965 av urinforgifting og skrumplever etter mange år med alkoholmisbruk. I 1986 vart Freed ein del av den første gruppa som vart medlem av Rock and Roll Hall of Fame, som vart bygd i Cleveland til ære for Freed sin medverknad i marknadsføringa av rockesjangeren.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Alan Freed» frå Wikipedia på engelsk, den 6. september 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Big Beat Heat: Alan Freed and the Early Years of Rock & Roll, av Jackson, John A. - Schirmer Books, 1991. ISBN 0-02-871155-6
- The Pied Pipers of Rock 'N' Roll: Radio Deejays of the 50s and 60s, av Smith, Wes (Robert Weston). - Longstreet Press, 1989. ISBN 0-929264-69-X
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: