Alan Mackenzie Howard (5. august 193714. februar 2015) var ein britisk skodespelar, oppvaksen vest i Sussex.

Alan Howard
Fødd5. august 1937
FødestadLondon
Død14. februar 2015 (77 år)
DødsstadLondon
FødenamnAlan MacKenzie Howard
Verka somteaterskodespelar, filmskodespelar, fjernsynsskodespelar
MorJean Compton Mackenzie
FarArthur Howard
EktefelleStephenie Hincliffe Davies, Sally Beauman
Prisarkommandør i den britiske imperieorden, Laurence Olivier Award

Biografi endre

Alan Howard var einebarn og kom frå ein skodespelarfamilie. Onkelen hans, Leslie Howard var ein kjend skodespelar i 1930-åra, m.a. frå filmatiseringa av Tatt av vinden. Alan Howard gjorde sin fyrste sceneopptreden på teater i Coventry i 1958, og fekk mange teaterroller utover 1950- og 1960-åra. Frå 1966 til 1983 var han medlem i teaterselskapet Royal Shakespeare Company, noko som gjorde at han spelte i mange teaterstykke av Shakespeare, men også andre kjende dramatikarar, fram til i dag. Frå 1992 til 2000 spelte han mange hovudroller ved Royal National Theatre i London.

Alan Howard har også hatt roller i spelefilm sidan 1961, då han spelte i filmen Victim. I seinare år har han vorte kjend for å spela inn den nifse røysta til Ringen i storfilmane Ringenes herre: Ringens brorskap (2001) og Ringenes herre: Atter en konge (2003), begge av Peter Jackson. Replikkane hans er både på engelsk og på Mordor-språket, som vart laga av J.R.R. Tolkien.[1]

Alan Howard vart utnemnd til kommandør av den britiske imperieordenen 1998.

Filmar endre

Kjelder endre

Fotnotar endre