For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Sussex (fleirtyding).

Sussex er eit tradisjonelt grevskap sør i England. Sidan 1888 har det vore delt i to administrative grevskap, East Sussex og West Sussex. Denne inndelinga har ein historisk forløpar, då det har vore separate administrative organ i aust og vest i lengre tid. Fram til 1974 blei Sussex verande eit seremonielt grevskap, men dette året vart også den funksjonen delt i to. Lewes var administrasjonsstad for grevskapet, ei rolle han no har for East Sussex.

Sussex
grevskap
Bexhill On Sea i Sussex
Land  Storbritannia
Areal 3 783 km²
Folketal 1 613 316 (2011)
Kart
Sussex
50°56′50″N 0°08′29″W / 50.9471026998°N 0.141372694746°W / 50.9471026998; -0.141372694746
Wikimedia Commons: Sussex

Området har tilnærma same grenser som det angelsaksiske kongedømet Sussex. Det grensar mot Surrey, Kent, Hampshire og Den engelske kanalen.

Det har vore ein felles politistyrke for begge grevskapa i Sussex sidan 1968, og det er òg ei rekkje andre oppgåver dei samarbeida om.

Fram til Brighton and Hove fekk status som city i 2000 var Chichester den einaste byen i Sussex med ein slik status; alle andre byar har status som town.

Sjå òg endre

Kjelder endre